Fredag ettermiddag kl. 13.25 kunne felles forhandlingsutval (FFU) for ny kommune i region vest sleppa applausen laus i eit møtelokale i KL-huset i København.
I samband med samlinga i Danmark, la forhandlingsutvalet siste hand på utkastet til intensjonsavtale som skal danna grunnlag for å etablera ein ny kommune. FFU er samansett av 13 politikarar frå Fjell, Sund og Øygarden. Utvalet har hatt fem samlingar sidan 4. februar, og på fredag samla utvalet seg om ein intensjonsavtale som no er klar for underskriving.
Det skal utarbeidast eit felles saksframlegg, vedlagt intensjonsavtalen, som skal leggjast fram for kommunestyra 20. juni 2016, der dei skal ta stilling til eventuell kommunesamanslåing.
Pressekonferanse og underskriving av intensjonsavtale
Måndag den 7. mars er det kalla inn til pressekonferanse der intensjonsavtalen vert underskriven av medlemene i felles forhandlingsutval.
På samlinga i Danmark besøkte FFU Roskilde kommune der det vart gjeve informasjon om erfaringane med samanslåing av tre kommunar i randsona til København. På fredag var fellesutvalet på plass i KL-huset der KL (interesse- og medlemsorganisasjon for kommunane i Danmark) delte erfaringane med den gjennomførte kommunereforma i nabolandet vårt i sør.
Tekst og foto: Vigleik Brekke