Det er kommunane Fjell, Sund og Øygarden som saman står bak nettsida varnyekommune.no. Ordførarane i dei tre kommunane er redaksjonelt ansvarlege for innhaldet på sida.
(Ap), ordførar i Fjell, 414 49 370
(H), ordførar i Sund, 992 45 694
(TVØ), ordførar i Øygarden, 950 73 753
Du kan også kontakta Vigleik Brekke, tlf. 915 81 107, om du har spørsmål knytt til nettsida.
Bakgrunn
Stortinget har vedteke at det skal gjennomførast ei kommunereform. Formålet med reforma er å byggja kommunar som skal vera i stand til å handtera velferdsoppgåvene i framtida på ein best mogleg måte. Regjeringa har varsla endring i oppgåvene for kommunane og forslag til nytt inntektssystem. På nettsida kommunereform.no finn du meir informasjon om dette.
På oppdrag av dei tre kommunane har Telemarksforsking utarbeidd ein omfattande rapport (PDF) som tek utgangspunkt i tenestene, mynde, samfunnsutvikling og demokrati. Konklusjonen i rapporten er at forholda ligg godt til rette for ei kommunesamanslåing.
Intensjonsavtale
I perioden 4. februar til 3. mars 2016 gjennomførte dei tre kommunane forhandlingar med sikte på å leggja fram eit utkast til intensjonsavtale om å byggja ein ny kommune samansett av dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Dei tre kommunane valde kvar si styringsgruppe og forhandlingsutval. Saman utgjer forhandlingsutvala felles forhandlingsutval (FFU). Den 7. mars 2016 underteikna FFU intensjonsavtale for Nye Øygarden kommune.
Forhandlingsutvala var samansett slik:
………………..
Informasjon
Etter at intensjonsavtalen vart underteikna den 7. mars 2016, vart det gjennomført seks folkemøte i dei tre kommunane. Det vart i april same år distribuert brosjyre til alle husstandane i dei tre kommunane. I dei to siste vekene i april vart det gjennomført innbyggjarundersøking. Resultatet av innbyggjarundersøkinga vart gjort kjent den 20. mai.
I mai og juni 2016 var det møte på ungdomsskular og Sotra videregåande skule. Det var også nettmøte i samarbeid med Vestnytt og møte med næringslivet. Innbyggjarane kan engasjera seg i ordskiftet på Vår nye kommune på Facebook.
Politisk behandling
Alle kommunane i landet har gjort vedtak om kommunereforma, anten dei ønskte å halda fram som eigen kommune eller at dei ønskte å etablera ein ny kommune saman med andre. Dei tre kommunane gjorde endeleg vedtak om kommunereforma den 20. juni 2016. Den 30. september same år presenterte fylkesmann Lars Spongheim «sitt kommunekart». Han tilrår overfor dei sentrale styresmaktene at dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden, vert slått saman til ein kommune frå januar 2020.
I september/oktober vedtok kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden at det skulle opprettast ei førebuande fellesnemnd (FF) som skal organisera arbeidet med kommunereforma inntil vidare.
Den 8. juni 2017 gjorde Stortinget sitt vedtak om kommunereforma. Då vart det mellom anna avgjort at dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden vert slått saman til ein ny kommune med verknad frå 1. januar 2020.
Førebuande fellesnemnd (FF)
Førebuande fellesnemnd er ikkje lovpålagt, men kommunestyra vedtok i september/oktober 2016 å organisera arbeidet med kommunereforma på denne måten fram til Stortinget i løpet av første halvår 2017 gjorde endeleg vedtak om samanslåing.
FF hadde ikkje fullmakt til å ta avgjerd, men skulle førebu samanslåing og koordinera samarbeidet mellom kommunane fram til fellesnemnda vart formelt oppretta. Eventuelle vedtak måtte fremjast i felles sak i dei tre kommunestyra.
Fellesnemnd
Den 21. juni 2017 vart det gjennomført felles kommunestyremøte leia av fylkesmann Lars Sponheim. Det felles kommunestyremøtet drøfta tema som namn på den nye kommunen, storleik på kommunestyret og formannskap i den nye kommunen og samansetjing av fellesnemnda. Seinare på dagen var det separate kommunestyre for dei tre kommunane med konkrete vedtak.
Det vart gjort identiske vedtak i dei tre kommunane. Namnet på den nye kommunen vert Øygarden. Samansetjinga av den permanente fellesnemnda vert identisk med førebuande fellesnemnd, med eitt unnatak. Olav Kobbeltveit (Venstre, Fjell) erstattar Hilde Lohmann Sandal frå Ap (Fjell). Fellesnemnda vert dermed slik.
Det vart vidare avgjort at kommunestyret frå januar 2020 skal ha 45 medlemer. Formannskapet skal vera samansett av 11 medlemer. Les meir her.