Skreiv under intensjonsavtale for Nye Øygarden kommune

Det var historisk sus over forsamlinga i VIP-rommet i Sotra Arena då felles forhandlingsutval (FFU) litt før klokka 12 i dag skreiv under intensjonsavtalen for Nye Øygarden kommune.

Underskriving av intensjonsavtale. Frå venstre; Børge Haugetun (ordførar i Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) og Kari-Anne Landro (ordførar i Sund).

 

Etter at Roy Vorland på vakkert vis hadde framført Knut Øygards «Songen frå vest» og dei tre ordførarane frå Fjell, Sund og Øygarden (Marianne Sandahl Bjorøy, Kari-Anne Landro og Børge Haugetun) hadde presentert intensjonsavtalen, var det klart for underteikning av avtalen. Markeringa av underteikninga av avtalen vart kombinert med pressekonferanse.

Roy Vorland framførte Songen frå vest

- Det er eit historisk sus over denne dagen, sa Sund-ordførar Kari-Anne Landro som orienterte om prosessen der 13 politikarar frå dei tre kommunane over ein periode på ein måndag har forhandla i sju dagar for å koma fram til ein intensjonsavtale. Ho var godt nøgd med at alle viste store vilje til å finna løysingar.

Kari-Anne Landro

Øygarden – eit fyrtårn i vest

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy viste fram visjonen for ein eventuell ny kommune; Øygarden – eit fyrtårn i vest og overordna mål for ein ny kommune.

- Eit viktig overordna mål er nærtenesteprinsippet. Tenestene skal vera så nær innbyggjarane som mogleg, sa Sandahl Bjorøy.

Marianne Sandahl Bjorøy

Ordførar i Øygarden, Børe Haugetun, snakka om samfunnsutvikling der det mellom anna heiter at gjeldande kommuneplanar vert vidareførte. Han viste også til at ein skal ta i bruk sentrumsområdet på Straume og kommunedelsentera på Rong og Skogsvåg.

- Det er veldig viktig for forhandlingsutvalet at det skal vera framtidig tenesteleveranse i kommunedelsentera, sa Haugetun.

Børge Haugetun

Medverknad frå innbyggjarane og politiske vedtak

FFU er samansett av 13 politikarar frå Fjell, Sund og Øygarden. Etter at intensjonsavtalen no er underteikna, skal det gjennomførast fleire folkemøte i kommunane. I april vert det distribuert brosjyre med informasjon om intensjonsavtalen og kommunereforma. I slutten av april vert det gjennomført ei innbyggjarundersøking . Det vert også lagt opp til møte med ulike grupper som ungdom og næringslivet.

Via nettsida www.varnyekommune.no og Facebook ønskjer kommunane å etablera ein god dialog med innbyggjarane.

Det skal utarbeidast ei felles saksframlegg vedlagt intensjonsavtalen som skal leggjast fram for kommunestyra den 20. juni 2016. Då vert det teke stilling til eventuell kommunesamanslåing.
I løpet av vårsesjonen i 2017 skal Stortinget gjera endeleg vedtak om korleis det nye kommunekartet skal sjå ut. Då vil ein eventuell ny kommune vera ein realitet frå 1. januar 2020.

Dersom dei tre kommunane etablerer ein ny kommune med verknad frå 2020, vil folketalet for den nye Øygarden kommune då vera om lag 42 tusen.

Namn, visjon, kommunesenter og nærtenesteprinsipp

I intensjonsavtalen går det fram at namnet på ein eventuell ny samanslått kommune skal vera Øygarden. Visjonen for den nye kommunen er «Øygarden - eit fyrtårn i vest».

Ikon Nye Øygarden kommune

Kommunevåpenet til Sund skal vera kommunevåpen for den nye Øygarden kommune, og Straume skal vera kommunesenter med Rong i Øygarden og Skogsvåg i Sund som kommunedelsenter. Nærtenesteprinsippet skal leggjast til grunn for tenesteytinga i den nye kommunen. Dette inneber at dei publikumsretta tenestene skal vera sikra i kommunale servicesenter, og dei brukarretta tenestene skal vera lokaliserte så nær brukarane som mogleg. Administrasjonsmålet skal vera nynorsk.

Her er nokre utdrag frå intensjonsavtalen

  • Den nye kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet
  • Den nye kommunen skal vera eit regionalt og nasjonalt fyrtårn innan teknologi, energi og marine næringar
  • Tenestenivået skal vera som i dag eller betre
  • Gjeldande planar skal vidareførast
  • Struktur for skule og barnehage skal vidareførast
  • Legetenesta i kommunedelsentera skal vera på dagens nivå og noko utover normal arbeidstid
  • Større sjølvråderett
  • Heile kommunen skal takast i bruk
  • Realisera Sotrasambandet og sambanda Kolltveit-Austefjorden og Kolltveit-Ågotnes
  • Eigedomsskatt på verk, bruk og næring. Utgreia konsekvensane av eigedomsskatt på næring.
  • Etablera infrastrukturfond for utbetring/investering i veg i alle dei tre kommunane
  • Alle tilsette har rett på jobb i den nye kommune og ikkje få redusert løn

Her kan du lesa heile intensjonsavtalen (PDF).

Her er presentasjonen (Powerpoint) frå pressekonferansen (PDF).

Framdriftsplan for kommunikasjonstiltak (PDF).

Lytt til «Songen frå Vest» ved Roy Vorland.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland