Etter at dei tre kommunestyra i går ettermiddag hadde gjort sine vedtak om å danna in ny kommune, var det duka for festmiddag på Panorama Konferansehotell i Sund.

Det var ordførar i Sund, Kari-Anne Landro som ønskte dei 80 gjestene velkomen.
- Det vart tre historiske vedtak i dag, sa ordføraren og understreka i velkomsten at det har vore ein god tone frå første dag i arbeidet med å forhandla fram ein intensjonsavtale.
Også kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner, gratulerte med dagen på video.

- Gratulerer med dagen og gratulerer med vedtaket. De byggjer no ein ny sterk kommune som vert bra for innbyggjarane og ikkje minst for næringsutvikling og nye jobbar i det som er ein spennande kommune ut mot havet. De har vist leiarskap, og de er opptekne av å skapa gode tenester for innbyggjarane, sa Sanner.
Viktig å lukkast i vest
Også fylkesmann Lars Sponheim uttrykte stor glede over vedtaka i går.
- Hadde ein ikkje lukkast med å få til dette med kommunane vest for Bergen, ville ikkje kommunereforma vore vellukka. De kan vera stolte av å vera først i fylket med å vedta å danna ein ny kommune, sa Sponheim som også hadde forventning om at det vert vedteke å etablera ein ny kommune i Nordhordland.
Sponheim brukte ein god del tid i talen sin å visa til at dette har vore ein demokratisk prosess der ein skal visa respekt for mindretalet som røysta imot å danna ein ny kommune. Han understreka også at kommunereforma ikkje er parkert sjølv om det vert gjort vedtak i kommunane i denne omgangen.
Dei tre ordførarane, Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) vart intervjua om korleis dei har opplevd arbeidet med kommunereforma og om korleis dei tenkjer arbeidet skal vidareførast. Varaordførar Tom Georg Indrevik i Fjell hadde også helsing til ordførarane og rådmennene.
Roy Vorland framførte «Songen frå vest», eller «Øygarden» som forfattaren Knut Øygard kalla songen i si tid. Vorland har også framført songen på alle folkemøta og ved underskrivinga av intensjonsavtalen i mars. Mange opplevde det sterkt og verdig å avslutta kvelden med allsong leia av Roy Vorland:
Han breier seg, øygarden, lyngbrun og låg,
med steingråe holmar i synet.
Det blinkar i tjørner, det blenkjer i våg,
og storhavet bårar i brynet.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland
Fotogalleri








