Det vart travelt for ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og varaordførar Tom Georg Indrevik då dei i føremiddag skulle presentera arbeidet med kommunereforma trinnvis for elevane på Fjell ungdomsskule.
Også på Fjell ungdomsskule vart elevane utfordra til å svara på om dei er for eller imot å skapa ein ny kommune. I ei Kahoot-undersøking svara 132 av 293 deltakarar (45 prosent) at dei var imot å danna ein ny kommune, medan 100 elevar (34 prosent) røysta for. 61 av elevane (21 prosent) svara «veit ikkje». Motstanden mot å danna ein ny kommune var nokså lik for alle alderstrinna og varierte mellom 42 og 47 prosent. 45 prosent nei på Fjell ungdomsskule er identisk med resultatet på Danielsen ungdomsskule.
Når det gjaldt kva mål elevane meinte var viktigast for ein ny kommune, var det «billegare drift» av kommunen og «Betre nærings- og samfunnsutvikling» som fekk høgast skår.

Stor spørjelyst
Også på Fjell ungdomsskule var spørjelysten stor. Fleire stilte spørsmål frå salen. I tillegg kom det inn ei stor mengde med spørsmål på SMS som vart vidareformidla til dei to politikarane. Fleire gav uttrykk for at dei ikkje var samde med felles forhandlingsutval sitt forslag om å kalla kommunen Øygarden.
Andre tema var kollektivtransport (særleg for Bjorøy og Tyssøy), bompengar, bybane til Sotra, målform, bygging av nye skular, ordførarval, økonomi, kvalitet på tenestene, konsekvensane for utkantane i ein ny kommune og kva som var tanken bak å starta prosessen med å danna ein ny kommune. Det kom inn eit par hundre spørsmål på SMS i løpet av føremiddagen.
På samlinga i dag var Skulesjefen representert ved fungerande skulesjef Jogeir Songnnæs og pedagogisk konsulent Eva Finstad. Det skal også vera tilsvarande samling på Tranevågen ungdomsskule den 7. juni.
Her er fleire bilete frå samlingane på Fjell ungdomsskule i dag:




