Kategoriarkiv: Aktuelt

Sponheim nøgd med kommunereforma

Fylkesmann Lars Sponheim er nøgd med arbeidet med kommunereforma så langt. Han skriv i ei pressemelding at prosessen har vore vellukka i Hordaland.

Biletet er frå avslutningsmiddagen den 20. juni då fylkesmann Lars Sponheim gratulerte dei tre ordførarane med resultatet av arbeidet med kommunereforma. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Sponheim.

Det ligg føre samanslåingsvedtak i 12 kommunar i fylket. Dette innebér at talet på kommunar i Hordaland vert redusert frå 33 til 27. Totalt har 17 av 33 kommunar i fylket fatta vedtak om å slå seg saman med ein eller fleire andre kommunar.

Samla vedtak rundt Bergen

Fylkesmannen viser til tre tilfelle der alle partane som inngår i ein konstellasjon er samde om samanslåing. Det er Fjell, Sund og Øygarden vest for Bergen, Meland, Radøy og Lindås nord for Bergen og Fusa og Os søraust for Bergen.

Lars Sponheim meiner at resultatet av kommunereformarbeidet så langt er godt når ein legg til grunn at reformprosessen er lagt opp som eit frivillig løp og det er det enkelte kommunestyret som har ansvaret for å fatta vedtak i saka.

- Dei åtte kommunane som fullt ut samde om å danna ny kommune representer nærare 90 tusen innbyggjarar og vil verta ei synleg røyst både i fylket og som naboar til Bergen, heiter det i pressemeldinga.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland.

Sanner og Sponheim gratulerte

Etter at dei tre kommunestyra i går ettermiddag hadde gjort sine vedtak om å danna in ny kommune, var det duka for festmiddag på Panorama Konferansehotell i Sund.

Fylkesmann Lars Sponheim gratulerte dei tre ordførerane
Fylkesmann Lars Sponheim gratulerte ordførarane med vedtaka og overrekte blomar. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Sponheim.

Det var ordførar i Sund, Kari-Anne Landro som ønskte dei 80 gjestene velkomen.

- Det vart tre historiske vedtak i dag, sa ordføraren og understreka i velkomsten at det har vore ein god tone frå første dag i arbeidet med å forhandla fram ein intensjonsavtale.

Også kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner, gratulerte med dagen på video.

Kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner, gratulerte med dagen
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

- Gratulerer med dagen og gratulerer med vedtaket. De byggjer no ein ny sterk kommune som vert bra for innbyggjarane og ikkje minst for næringsutvikling og nye jobbar i det som er ein spennande kommune ut mot havet. De har vist leiarskap, og de er opptekne av å skapa gode tenester for innbyggjarane, sa Sanner.

Viktig å lukkast i vest

Også fylkesmann Lars Sponheim uttrykte stor glede over vedtaka i går.

- Hadde ein ikkje lukkast med å få til dette med kommunane vest for Bergen, ville ikkje kommunereforma vore vellukka. De kan vera stolte av å vera først i fylket med å vedta å danna ein ny kommune, sa Sponheim som også hadde forventning om at det vert vedteke å etablera ein ny kommune i Nordhordland.

Sponheim brukte ein god del tid i talen sin å visa til at dette har vore ein demokratisk prosess der ein skal visa respekt for mindretalet som røysta imot å danna ein ny kommune. Han understreka også at kommunereforma ikkje er parkert sjølv om det vert gjort vedtak i kommunane i denne omgangen.

Dei tre ordførarane, Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) vart intervjua om korleis dei har opplevd arbeidet med kommunereforma og om korleis dei tenkjer arbeidet skal vidareførast. Varaordførar Tom Georg Indrevik i Fjell hadde også helsing til ordførarane og rådmennene.

Roy Vorland framførte «Songen frå vest», eller «Øygarden» som forfattaren Knut Øygard kalla songen i si tid. Vorland har også framført songen på alle folkemøta og ved underskrivinga av intensjonsavtalen i mars. Mange opplevde det sterkt og verdig å avslutta kvelden med allsong leia av Roy Vorland:

Han breier seg, øygarden, lyngbrun og låg,
med steingråe holmar i synet.
Det blinkar i tjørner, det blenkjer i våg,
og storhavet bårar i brynet.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

Fotogalleri

 

Historisk vedtak om å danna ny kommune

Måndag ettermiddag vedtok kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden at dei vil danna ein ny kommune i regionen med verknad frå 2020.

Frå møtet i Øygarden i dag.
Frå møtet i Øygarden i dag; ordførar Børge Haugetun og varaordførar Artle Dåvøy.

I Øygarden vart vedtaket gjort med 15 mot åtte røyster (Arbeidarpartiet, SV og ein representant frå Tverrpolitisk valliste for Øygarden). I Sund var det Senterpartiet sine to representantar og ein representant frå Arbeidarpartiet som røysta imot. I Fjell kommunestyre vart vedtaket gjort samrøystes.

- Eg trur at ein ny kommune vil vera framtidsretta og vil løysa dei utfordringane vi står overfor. Det har vore ein lang og god debatt, og det har ikkje vore noko enkelt val, sa ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, då han mot slutten av kommunestyremøtet oppsummerte debatten.

- Vi skriv historie

- Vi er med og skriv historie i dag. 18 av 21 kommunestyrerepresentantar i Sund gjekk inn for å danna ein ny kommune vestom Sotrabrua. Det vert veldig spennande å følgja prosessen vidare, seier Sund-ordførar Kari Landro.

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy seier at dette er ein merkedag som har stor tyding for utviklinga av den nye kommunen til beste for innbyggjarane.

- Dette er den mest omfattande saka og den med størst konsekvens for framtida som eg har vore med på å vedta, seier ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy.

Frå kommunestyremøtet i Sund i dag.
Frå kommunestyremøtet i Sund i dag.

 

Sender søknad

Formelt vart det vedteke i alle dei tre kommunane at dei søkjer om å få etablera ein ny felles kommune med iversetjingsdato første januar 2020. Underskriven intensjonsavtale skal leggjast til grunn for den nye kommune. Kommunestyra vedtok vidare at felles forhandlingsutval (13 politikarar frå dei tre kommunane) vert beden om å halda fram den gode dialogen og leggja til rette for ein raskt kan ta viktige avgjerder etter stortingsbehandlinga.

I perioden februar – juni har dei tre kommunane arbeidd jamt og trutt med kommunereforma. Intensjonsavtalen vart underteikna av felles forhandlingsutval den 7. mars. I etterkant har kommunane gjennomført ei rekkje informasjonstiltak og gjennomført ei innbyggjarundersøking.

Alle reiste seg då det skulle røystast i Fjell kommunestyre.
Alle reiste seg i Fjell då det skulle røystast i Fjell kommunestyre.

Prosess fram til ny kommune

Etter at Fylkesmannen i haust «teiknar sitt kommunekart» for Hordaland, skal regjeringa fremja ein stortingsproposisjon som vert lagt fram for avgjerd i Stortinget første halvår 2017.
Kommunane vil så få utbetalt eingongskostnader med kommunereforma.

Vidare skal Fylkesmannen eller Kommunale- og moderniseringsdepartementet kalla inn til felles kommunestyremøte. På dette møte skal ein mellom anna ta stilling til namn på den nye kommunen, tal på medlemer i kommunestyret og val av fellesnemnd. Før den nye kommunen
er etablert, skal det veljast kommunestyre hausten 2019.

Les meir frå kommunestyremøta på nettsida til Vestnytt.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ingunn Teigen (Øygarden), Jørgen Kausland (Sund) og Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå dei tre kommunestyremøta på måndag:

Frå avrøystinga i Øygarden kommunestyre.
Frå avrøystinga i Øygarden kommunestyre.
Sund
Sund
Sund
Sund
Fjell: Egil Haaland
Fjell: Egil Haaland
Fjell: Tom Georg Indrevik og Marianne Sandahl Bjorøy
Fjell: Tom Georg Indrevik og Marianne Sandahl Bjorøy
Øygarden
Øygarden
Øygarden
Øygarden

 

Den 20. juni vert det avgjort

Måndag den 20. juni skal alle dei tre kommunestyra i regionen vår ta stilling til om dei skal danna ein ny kommune saman eller om dei skal halda fram kvar for seg.

Felles forhandlingsutval på 13 ppolitikarar frå dei tre kommunane har forhandla fram intensjonsavtalen.
Felles forhandlingsutval på 13 politikarar frå dei tre kommunane har forhandla fram intensjonsavtalen.

Både i Fjell, Sund og Øygarden tek kommunestyremøta til klokka 15.00. Grunnlaget for saka er intensjonsavtalen underskriven av felles forhandlingsutval den 7. mars. Alle formannskapa har innstilt på å søkja om å få danna ein ny kommune med verknad frå januar 2020.

Kommunestyremøta vert haldne i kommunehusa/rådhusa i den enkelte kommune. Straks vedtaka er gjort i kommunane vert informasjon lagt ut på nettsida til Vår nye kommune.

På nettsida til Vår nye kommune kan du lesa dokumenta for saka til møtet den 20. juni.

Les meir om kommunereforma på Vår nye kommune.

Øygarden seier truleg ja

- Eg kan med stor grad av tryggleik seia at det vert fleirtal i Øygarden for å danna ein ny kommune.

Dette sa ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, då knapt 30 personar var samla til Vest Næringsråd (VNR) si samling i SF Sotra Kino i dag.

Det vart tid til ein god prat etter møtet. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy, Kari-Anne Landro, Per Aarsand (dagleg leiar i VNR) og Thomas Skålnes.

 

Dermed var det næringslivet som først fekk vita at det no nokså sikkert vert vedteke å danna ein ny kommune når kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden tek endeleg stillinga til kommunereforma den 20. juni. I Sund og Fjell har formannskapa innstilt tydeleg på å danna ein ny kommune.

- I vår gruppe, Tverrpolitisk valliste for Øygarden, har me samla oss om å røysta ja til å danna ein ny kommune, opplyste ordføraren til næringslivsfolket i dag. TVØ hadde gruppemøte måndag kveld.

Ordføraren viste også til at FrP og KrF hadde medlemsmøte i går kveld der konklusjonen var den same som i TVØ. Tidlegare har Høgre i Øygarden gjort det klart at partiet røysta ja til kommunesamanslåing. Dermed er det eit relativt klart fleirtal i Øygarden for å danna ein ny kommune samansett av Fjell, Sund og Øygarden.

Gruppeleiar og medlem i formannskapet i Øygarden, Atle Dåvøy (KrF), stadfestar at begge representantane i KrF vil røysta ja på kommunestyremøtet den 20. juni.

- Vi drøfta saka på medlemsmøtet i går, og det er stemning for å røysta ja komande måndag. Dette har vore ei vanskeleg sak, men det vert ei stor utfordring å stå åleine. Vi er no klare for å følgja opp intensjonen om å skapa ein god kommune saman, seier Atle Dåvøy.

Frå venstre; Per Aarsand, Kari-Anne Landro, Marianne Sandahl Bjorøy og Børge Haugetun.

 

Møtte næringslivet

I dag møtte dei tre ordførarane, Børge Haugetun (Øygarden), Kari-Anne Landro (Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) næringslivet i regionen.

- Eg vil gje honnør til ordførarane for jobben som er gjort. Det er store fordelar ved å slå saman kommunane. Eg kunne likevel tenkt meg at handel vart nemnt i intensjonsavtalen som eitt av dei prioriterte områda. Og kanskje «Fyrtårn i vekst» kunne vera ein meir ambisiøs visjon enn «Fyrtårn i vest», sa senterleiar i Sartor Storsenter og styreleiar i VNR, Thomas Skålnes.

Ordførarane vart utfordra på kva vilkår næringslivet kunne forventa av ein ny kommune. Andre spørsmål og innlegg handla om samferdsle og kva som vil skje i nærmiljøet når det gjeld miljø og kollektivtrafikk. Ein av dei frammøtte var særleg oppteken av at den nye kommunen må prioritera lokalt næringsliv ved kjøp av tenester.

Frå møtet i dag.

Spørsmålet om namnet på kommunen var ikkje noko sentralt tema på møtet i VNR, men Børge Haugetun hadde rekna litt på kor mange øyar det er i dei tre kommunane og oppsummerte med at den eventuelle nye kommunen vil få flest øyar i heile Hordaland.

- Då er det vel ikkje så verst å kalla oss Øygarden, sa Haugetun.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Alle formannskapa tilrår ny kommune

Onsdag ettermiddag gjekk både Øygarden og Fjell formannskap inn for at Fjell, Sund og Øygarden søkjer om å få etablera ein ny felles kommune. Dermed har alle dei tre formannskapa i regionen gått inn for å danna ein ny kommune.

Formannskapet i Øygarden gav innstilling om kommunereforma onsdag ettermiddag. Frå venstre Børge Haugetun (TVØ), Atle Dåvøy (KrF), Andreas Kallekleiv (i formannskapet i dag deltok Ingrid Marie Toft for Høgre), Espen Harkestad (Ap) og Silvia Haugland (TVØ). Arkivfoto.

 

I Øygarden formannskap gjekk tre medlemer (Børge Haugetun og Silvia Haugland frå Tverrpolitisk valliste for Øygarden (TVØ) og Ingrid Marie Toft i Høgre) inn for å etablera ein ny kommune. Arbeidarpartiet sitt medlem røysta imot, medan KrF sitt medlem røysta blankt.

Ordførar Børge Haugetun innleia formannskapet med å gjera kjent at han ville røysta for å etablera ein ny kommune saman med Sund og Fjell.

- Eg har vege alle faktorar for og imot å danna ein ny kommune og konkludert med at eit ja til ein ny kommune er det beste for innbyggjarane i eit langt perspektiv. Eg tilrår difor ja og vil arbeida for det i mi eiga gruppe, seier Børge Haugetun (TVØ).

Ordføraren opplyser at KrF røysta blankt fordi partiet skal ha eit medlemsmøte for å drøfta saka. Arbeidarpartiet opplyste på formannskapsmøtet at partiet vil røysta samla imot å danna ein ny kommune når saka kjem opp i kommunestyret den 20. juni.

Samrøystes ja i Fjell

I Fjell vart innstillinga vedteken samrøystes. FrP hadde likevel eit tilleggsforslag som fekk eí røyst. I dette forslaget vert det presisert at namnet som er brukt i arbeidsdokumentet (Øygarden) berre er meint som ein arbeidstittel og at namnet på kommune vert å koma tilbake til i eiga sak.

Den 31. mai gjekk Sund formannskap med seks mot eí røyst inn for å etablera ein ny felles kommune. Saka går no til endeleg behandling i kommunestyret i dei tre kommunane den 20. juni.

Frå formannskapsmøtet i Fjell.

I innstillinga frå alle formannskapa heiter det også at den underskrivne intensjonsavtalen skal leggjast til grunn for den nye kommunen. Vidare skal kommunestyret be felles forhandlingsutval å halda fram det gode dialogen og leggja til rette for ein raskt kan ta viktige avgjerder etter stortingsbehandlinga.

Les saksutgreiinga for dei tre kommunane under «Dokument» på nettsida til Vår nye kommune.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

Tranevågen delt i synet på ny kommune

Elevane på Tranevågen ungdomsskule er delt i synet på om det bør byggjast ein ny kommune samansett av Fjell, Sund og Øygarden.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og varaordførar Tom Georg Indrevik i samtale med ivrige elevar.

På ei elektronisk undersøking (Kahoot) i dag der elevane på dei tre trinna deltok, svarte 107 elevar at dei var imot å etablera ein ny kommune, medan 106 var for å danna ein ny kommune. 46 elevar (18 prosent) svara veit ikkje. Elevane vart også oppmoda om å gje graderte svar. Då viste det seg at 156 elevar var svært positive og ganske positive, medan 101 elevar var ganske negative eller svært negative.

Samanlikna med Fjell ungdomskule og Danielsen ungdomsskule, er elevane på Tranevågen dermed meir positive til å byggja ein ny kommune. På Danielsen og Fjell gjekk om lag 45 prosent imot å danna ny kommune, medan 34 prosent røysta for.

Her er «halve» Tranevågen ungdomsskule (halve 9. trinn og heile 10. trinn).

Tilgang på kommunale tenester

Undersøkinga på Tranevågen ungdomsskule viste elles at elevane sette god tilgang på dei kommunale tenestene og spreidd busetnad og levande bygder som dei viktigaste måla for ein ny kommune. Også samfunns og næringsutvikling, kvalitét på tenestene og lokaldemokrati var viktig for elevane.

Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og varaordførar Tom Georg Indrevik som presenterte arbeidet med kommunereforma og intensjonsavtalen som er inngått mellom Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Også skulesjef Wilhelm Anglevik, rektor Johnny Eide og lærarane var på plass.

Elevane stilte gode og relevante spørsmål. Den handla også denne gongen mellom anna om namnet. Mange var opptekne av samferdsle og kollektivtrafikk som til dømes Sotrabrua, bompengar, bussrutetilbod.

Pause med mat høyrer med.

Vel to tusen har delteke på møte om kommunereforma

Inklusive besøk på vidaregåande skule, ungdomsskulane i Fjell og møte med ungdomar i Sund og Øygarden, har ein totalt hatt møte med om lag 1 300 ungdomar i dei tre kommunane. I tillegg kjem seks folkemøte (to i kvar kommune), politiske arenaer og møte med andre grupper. Dermed har vel to tusen personar har dei siste ni vekene delteke på møte på ulike arenaer der kommunereforma har vore tema.

Prøver skulesjef Wilhelm Anglevik seg på Kahoot?

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Nettprat i Vestnytt

Ordførarane Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund) og Børge Haugetun (Øygarden) i full gang med å svara på spørsmål frå lesarane. Vestnytt-redaktøar Marit Kalgraf ser til at alt er som det skal vera.

Dei tre ordførarane i regionen tok ein sentral plass i redaksjonen i Vestnytt i dag då dei skulle svara på spørsmål frå lesarane.

- Intensjonsavtala er ei oppramsing med vage sjølvsagte ting!!! Kan ordførarane love veg med 80 km i timen frå Kolltveit til Skogsskiftet(helst Eide) innan 3 år?? Dette er eit krav om me skal gå saman!!

- Blir det avstemming om samanslåing og om kommunenamnet? Eventuelt kva tid?

Dette var to av spørsmåla ordførarane måtte svara på onsdag ettermiddag.

Kva svarte så ordførarane på dette? Det kan du lesa her.

Sund formannskap tilrår ny kommune

Med seks mot ei røyst (Senterpartiet) gjekk formannskapet i Sund i går inn for at kommunane Sund, Fjell og Øygarden søkjer om å få etablera ein ny felles kommune med iverksetjing januar 2020.

Det har vore arrangert seks folkemøte i april. Biletet er frå folkemøtet i Strandahallen i Sund den 11. april

Sund formannskap er dermed det første formannskapet i dei tre kommunane som gjev innstilling i saka. Saka skal behandlast i ulike utval og råd i kommunane før endeleg behandling i kommunestyra den 20. juni.

På formannskapsmøtet i Sund i går røysta Senterpartiet imot å søkja om å etablera ein ny kommune og opplyste at dette vart gjort på prinsipielt grunnlag. Partiet vil stilla representantane fritt når saka kjem endeleg til behandling i kommunestyret i juni.

I vedtaket frå møtet i går heiter det vidare at underskriven intensjonsavtale for «nye Øygarden kommune» skal leggjast til grunn for den nye kommunen og at kommunestyret ber felles forhandlingsutval å halda fram den gode dialogen og leggja til rette for at ein raskt kan ta viktige avgjerder etter stortingsbehandlinga.

Omfattande sak

I saksutgreiinga skriv rådmennene at etter deira vurdering vil ein ny og større kommune, samansett av Fjell, Sund og Øygarden, vera betre rusta til å møta framtida enn om kommunane skal stå åleine kvar for seg. Dei tre kommunane har allereie i dag ei rekkje interkommunale samarbeid og nettverk innanfor mange tenesteområde og oppgåver. I saka vert det vist til at det er behov for meir spesialisering og behov for å redusera utfordringane med sårbarheit og nøkkelkompetanse.

- Fjell, Øygarden og Sund er knytt saman med bruer og vegar og har naturleg geografisk plassering som ein ny kommune med felles vegsamband mot Bergen. Dei tre kommunane har i stor grad felles bu- og arbeidsmarknad, noko som er eit godt utgangspunkt for å etablera ein ny felles kommune, skriv rådmennene i saksutgreiinga.

Nest største kommune i Hordaland

Rådmennene viser også til at nye «Øygarden kommune» vil verta den nest største kommunen i Hordaland og vil kunna stå fram som ein slagkraftig region overfor styresmakter, næringsliv og nabokommunar.

Etter at kommunestyra før første juli i år har gjort vedtak om kommunereforma, skal Fylkesmannen oppsummera kommunestyrevedtaka og gje tilråding til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om korleis han meiner «kommunekartet» skal vera. Stortinget gjer vedtak om kommunereforma første halvår 2017.

Dersom det vert gjort vedtak om danna ny kommune, skal Fylkesmannen eller departementet kalla inn til felles kommunestyremøte der namn på den nye kommunen, tal på medlemer i kommunestyret, samansetjing av fellesnemnd og eventuelle fellesorgan står på sakskartet. Departementet skal på grunnlag av vedtaka laga ein resolusjon for kvar enkelt samanslåing. Ein eventuell ny kommune vil vera ein realitet frå januar 2020.

På sida «Dokument» kan du finna saksutgreiinga for kommunane.
Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

Ordførarane svarar på spørsmål på nettet

Onsdag den 1. juni stiller dei tre ordførarane i regionen opp i redaksjonslokala til Vestnytt for å svara på spørsmål frå lesarane på nettet.

Ordførarane, Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund) og Børge Haugetun (Øygarden), stiller på nettprat i Vestnytt-redaksjonen og svarar på spørsmål, (foto: Monica Hovland).

I ein times tid frå klokka 14.30 svarar dei på spørsmål og kommenterer dine innspel til kommunereforma.

Du kan gjerne senda inn spørsmål på førehand til . Merk e-posten med «Nettprat».

Følg med på nettsida til Vestnytt.