Øygarden seier truleg ja

- Eg kan med stor grad av tryggleik seia at det vert fleirtal i Øygarden for å danna ein ny kommune.

Dette sa ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, då knapt 30 personar var samla til Vest Næringsråd (VNR) si samling i SF Sotra Kino i dag.

Det vart tid til ein god prat etter møtet. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy, Kari-Anne Landro, Per Aarsand (dagleg leiar i VNR) og Thomas Skålnes.

 

Dermed var det næringslivet som først fekk vita at det no nokså sikkert vert vedteke å danna ein ny kommune når kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden tek endeleg stillinga til kommunereforma den 20. juni. I Sund og Fjell har formannskapa innstilt tydeleg på å danna ein ny kommune.

- I vår gruppe, Tverrpolitisk valliste for Øygarden, har me samla oss om å røysta ja til å danna ein ny kommune, opplyste ordføraren til næringslivsfolket i dag. TVØ hadde gruppemøte måndag kveld.

Ordføraren viste også til at FrP og KrF hadde medlemsmøte i går kveld der konklusjonen var den same som i TVØ. Tidlegare har Høgre i Øygarden gjort det klart at partiet røysta ja til kommunesamanslåing. Dermed er det eit relativt klart fleirtal i Øygarden for å danna ein ny kommune samansett av Fjell, Sund og Øygarden.

Gruppeleiar og medlem i formannskapet i Øygarden, Atle Dåvøy (KrF), stadfestar at begge representantane i KrF vil røysta ja på kommunestyremøtet den 20. juni.

- Vi drøfta saka på medlemsmøtet i går, og det er stemning for å røysta ja komande måndag. Dette har vore ei vanskeleg sak, men det vert ei stor utfordring å stå åleine. Vi er no klare for å følgja opp intensjonen om å skapa ein god kommune saman, seier Atle Dåvøy.

Frå venstre; Per Aarsand, Kari-Anne Landro, Marianne Sandahl Bjorøy og Børge Haugetun.

 

Møtte næringslivet

I dag møtte dei tre ordførarane, Børge Haugetun (Øygarden), Kari-Anne Landro (Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) næringslivet i regionen.

- Eg vil gje honnør til ordførarane for jobben som er gjort. Det er store fordelar ved å slå saman kommunane. Eg kunne likevel tenkt meg at handel vart nemnt i intensjonsavtalen som eitt av dei prioriterte områda. Og kanskje «Fyrtårn i vekst» kunne vera ein meir ambisiøs visjon enn «Fyrtårn i vest», sa senterleiar i Sartor Storsenter og styreleiar i VNR, Thomas Skålnes.

Ordførarane vart utfordra på kva vilkår næringslivet kunne forventa av ein ny kommune. Andre spørsmål og innlegg handla om samferdsle og kva som vil skje i nærmiljøet når det gjeld miljø og kollektivtrafikk. Ein av dei frammøtte var særleg oppteken av at den nye kommunen må prioritera lokalt næringsliv ved kjøp av tenester.

Frå møtet i dag.

Spørsmålet om namnet på kommunen var ikkje noko sentralt tema på møtet i VNR, men Børge Haugetun hadde rekna litt på kor mange øyar det er i dei tre kommunane og oppsummerte med at den eventuelle nye kommunen vil få flest øyar i heile Hordaland.

- Då er det vel ikkje så verst å kalla oss Øygarden, sa Haugetun.

Tekst og foto: Vigleik Brekke