Prosjektleiaren er i full gang

Prosjektleiar for Nye Øygarden kommune, Paul J. Manger, hadde sin første arbeidsdag i lokala på Skjenet (Vestnyttbygget)  på Straume den 1. september. Manger skal leia arbeidet med å danna ein ny kommune, samansett av Sund, Fjell og Øygarden, med verknad frå 1. januar 2020.

Paul J. Manger

– Den første dagen hadde eg møte med rådmennene og ordførarane i dei tre kommunane. Då fekk vi snakka om kva eg skal prioritera den første tida og kva forventningar dei har til meg. Denne veka har eg også møtt dei tillitsvalde og hovudverneomboda i  kommunane, seier Manger.

Prosjektleiaren er i gang med å førebu det første møtet i fellesnemnda. Fellesnemnda avløyser førebuande fellesnemnd som hadde seks møte i perioden november 2016 – juni 2017. Etter kvart skal han etablera ein prosjektstab på Skjenet.

– På det første møtet i fellesnemnda den 2. oktober står budsjett, møteplan og ein del konkrete saker på dagsorden, seier prosjektleiaren.

Frå møtet med tillitsvalde og hovudverneomboda på tysdag.

Møte med tillitsvalde

Tysdag denne veka hadde Manger møte med dei tillitsvalde og hovudverneomboda i Sund, Fjell og Øygarden.

– Eg opplevde at eg vart teken godt imot, samstundes som eg fekk informera om arbeidet med å danna ein ny kommune. Dei tillitsvalde har ein sentral plass i dette arbeidet. Mellom anna skal det dannast eit partssamansett utval som er samansett av dei 17 medlemene i fellesnemnda og seks valde representantar frå dei tillitsvalde, seier prosjektleiaren. Det skal veljast to tillitsvalde frå kvar av dei tre kommunane til det partssamansette utvalet.

– Dei som ønskjer det må gjerne ta kontakt med meg, seier prosjektleiaren.

Her er kontaktinfo:

  • Prosjektleiar Paul J. Manger
  • Tlf. 478 81 137
  • Paul.Manger@nyeoygardenkommune.no
  • Kontoradresse: Skjenet 2, 5354  STRAUME

Tekst og foto: Vigleik Brekke