Ønskjer utvida mandat for tilsetjing av prosjektleiar

I ei felles sak i dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden, vert det innstilt på at førebuande fellesnemnd  (for kommunesamanslåing) får utvida mandatet til å tilsetja prosjektleiar.

Frå møtet i førebuande fellesnemnd i Sund den 8. desember.

Det er innstilt på at det vert vedteke ei løysing der stillinga vert utlyst som prosjektleiar der vedkomande som vert tilsett får høve til å søkja stillinga som rådmann i den nye kommunen. I saka ligg det også framlegg til kvalifikasjonar for prosjektleiaren.

På sist møte i førebuande fellesnemnd (08.12.) drøfta ein ulike modellar. Det kan tilsetjast ein prosjektleiar tidsavgrensa fram til den nye kommunen vert etablert 1. januar 2020. Ein annan modell er kombinert prosjektleiar og rådmann. Ein tredje modell er ein kombinasjon av dei to andre modellane der ein definerer prosjektleiarfunksjonen slik at det i stillingsutlysinga går fram at prosjektleiaren kan søkja stillinga som rådmann. Det er den tredje modellen det vert innstilt på i denne saka.

Saka er ferdigbehandla i Fjell. Sund formannskap behandlar saka den 31.01., medan formannskapet i Øygarden behandlar saka den 01.02. Alle kommunane behandlar saka endeleg i kommunestyret.

Her kan du lesa saka til formannskapet i Øygarden. Her er saka til Sund formannskap.

Tekst og foto: Vigleik Brekke