Korleis kan eg påverka arbeidet med kommunereforma?

I kommunikasjonsplanen (PDF) går det fram at alle skal sikrast god og relevant informasjon om arbeidet med eventuelt å byggja ein ny kommune samansett av dei noverande kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Det skal leggjast til rette for god dialog med målgruppene og stor takhøgd i ordskiftet.

I kommunikasjonsplanen er det skissert fleire måtar du som innbyggjar kan påverka prosessen. Sjå framdriftplan kommunikasjonstiltak (PDF)

Folkemøte

Våren 2016 vart det gjennomført seks folkemøte, to i kvar kommune. I tillegg var det møte med ungdomsskuleelevar, elevar i den vidaregåande skulen, næringslivet og andre grupper.
I fase 2 i arbeidet med kommunereforma (november 2016 – juni 2017) vert det også lagt opp til møteplassar der innbyggjarane og andre interesserte kan møta politikarar og andre som arbeider med kommunereforma.
Informasjon om dette finn du på nettsida og Facebooksida vår: vaarnyekommune.no og Vår nye kommune på Facebook.

Innbyggjarundersøking

For å sikra eit best mogleg grunnlag for å ta stilling til framtidig kommunestruktur, vart det gjennomført ei innbyggjarundersøking i dei tre kommunane i april/mai 2016. Den 20. mai vart resultatet av innbyggjarundersøkinga presentert.

Sosiale medium

Det er lagt til rette for å nytta sosiale medium for å sikra dialog, involvering og medverknad for innbyggjarane i arbeidet med kommunereforma. I mars 2016 vart Vår nye kommune på Facebook oppretta.

Politisk kontakt

Alle dei folkevalde i dei tre kommunane tok den 20. juni stilling til kommunereformarbeidet. Politikarane er framleis interesserte i meininga di.