Klart for møte nr. to i førebuande fellesnemnd

Frå det første møtet i førebuande fellesnemnd (Fjell rådhus).
Frå det første møtet i førebuande fellesnemnd (Fjell rådhus).

Torsdag den 8. desember er det klart for det andre møtet i førebuande fellesnemnd (FF) for kommunereforma. Nemnda er samansett av 17 politikarar og tre tillitsvalde frå Fjell, Sund og Øygarden. Det andre møtet i nemnda vert halde i Sund rådhus.

På det første møtet den 9. november vart fjellordførar Marianne Sandahl Bjorøy vald til leiar av FF, medan sundordførar Kari-Anne Landro og ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, vart valde som nestleiarar.

På det andre møtet (8. desember) vert det først orientering om digitalisering i Bergen kommune. Andre tema er mellom anna deltaking i seminarrekkje i regi av KS, rolleavklaring/styringslinjer og kva intensjonsavtalen seier om digitalisering og interkommunalt samarbeid. Fellesnemnda skal også koma med konkrete bestillingar til administrasjonen, behandla kommunikasjonsplan og drøfta prosess og krav for tilsetjing av prosjektleiar.

I perioden fram til den formelle fellesnemnda er valt, skal den førebuande fellesnemnda koordinera samarbeidet mellom kommunane når det gjeld etablering av ein ny kommune samansett av Sund, Fjell og Øygarden.

Her kan du lesa innkallinga til møtet den 8. desember.
Tekst og foto: Vigleik Brekke