Klart for første møte i fellesnemnda

Konstituering, budsjett, overføring av møta i fellesnemnda på nett-TV og nedsetjing av utval er nokre av sakene på det første møtet i fellesnemnda.

Frå siste møte i førebuande fellesnemnd den 16. juni.

Fellesnemnda avløyser førebuande fellesnemnd som hadde sitt siste møte 16. juni. Fellesnemnda skal etter inndelingslova samordna og ta seg av førebuinga av samanslåingsprosessen. Like etter eit felles kommunestyremøte i Sund, vart det gjennomført separate kommunestyremøte der det vart vedteke at (den permanente) fellesnemnda skal vera identisk med den førebuande fellesnemnda.

Fellesnemnda skal vidareføra arbeidet med å etablera ein ny kommune frå 1. januar 2020 i samsvar med intensjonsavtalen vedteken av dei tre kommunestyra; Sund, Fjell og Øygarden, den 20. juni 2016.

Nemnda skal på møtet på måndag velja leiar og nestleiar.

Andre saker i fellesnemnda 2. oktober

  • Nye Øygarden kommune – konstituering av fellesnemnda
  • Skriv, meldingar og orienteringar
  • Budsjett for fellesnemnda, prosjektperioden 2017-2019
  • Møteplan for fellesnemnda hausten 2017
  • Møtegodtgjersle og tapt arbeidsforteneste for medlemmer av fellesnemnda
  • Oppnemning av partssamansett utval og møteplan for partssamansett utval
    hausten 2017
  • Politisk organisering av Nye Øygarden kommune, utval som skal oppnemnast i
    prosessen
  • Prosjektmandat for arbeidet med å etablere Nye Øygarden kommune, inkl.
    utkast til milepelsplan
  • Prosjektorganisering Nye Øygarden kommune
  • Direkteoverføring av fellesnemnda sine møte via nett-TV
  • Kommunal representant i kyrkjeleg fellesnemnd
  • MOT Fest i Vest 2018
  • Finansieringsordning for digitaliseringsprosjekt i regi av KS

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus. Til vanleg skal møta haldast i lokala til prosjektorganisasjonen for Nye Øygarden kommune på Skjenet (Vestnytt-bygget). Til det første møtet er ikkje møtelokala ferdig tilrettelagt for avvikling av møte. Neste møte den 30. oktober vert halde i lokala på Skjenet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke