Kari-Anne Landro skal leia fellesnemnda for ny kommune

Fellesnemnda for ny kommune valde i dag Sund-ordførar Kari-Anne Landro som leiar i fellesnemnda. Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) og Børge Haugetun (ordførar i Øygarden) vert nestleiarar. Fellesnemnda er samansett av 17 politikarar frå Sund, Fjell og Øygarden og skal vidareføra arbeidet med å etablera ein ny kommune frå januar 2020.

Kari-Anne Landro vart vald som leiar av fellesnemnda.

Møtet i dag var det første etter at førebuande fellesnemnd hadde sitt siste møte den 16. juni. Då fellesnemnda skulle konstituera seg på møtet, føreslo Silvia Haugland (Øygarden) Kari-Anne Landro som leiar og Børge Haugetun som nestleiar dersom det berre skal vera eín nestleiar. Jogeir Sognnæs (Sund) føreslo Marianne Sandahl Bjorøy som leiar. I drøftinga vart det semje om at det skulle vera to nestleiarar i fellesnemnda. Under avrøystinga om leiarvervet fekk Landro 10 røyster, medan Sandahl Bjorøy fekk sju røyster.

Den nyvalde leiaren seier at ho vil arbeida sterkt for at leiargruppa samansett av dei tre ordførarane fungerer godt som eit team.

– Eg vil takka for at folk har vist meg tillit til dette vervet. Vi er ei leiargruppe på tre, og det har fungert godt fram til no. Det må fungera godt i framtida også, seier Kari-Anne Landro.

Silvia Haugland føreslo Kari-Anne Landro som leiar av fellesnemnda.

 

 

 

 

 

Godkjende budsjett

Fellesnemnda godkjende budsjett for prosjektperioden fram til utgangen av 2019 slik det vart lagt fram frå prosjektleiaren. Ramma er 35,9 millionar kroner. Det er mellom anna sett av midlar til personressursar, digitalisering, IKT-drift/infrastruktur, juridisk kompetanse og deltaking i arbeidsgrupper for tillitsvalde. Prosjektleiaren legg fram revidert budsjett på møtet i fellesnemnda i desember.

Prosjektmandat

På møtet på måndag vart prosjektmandatet for arbeidet med å etablera Nye Øygarden kommune vedteke. Mandatet Pviser korleis arbeidet skal organiserast og forholdet mellom politisk leiing og administrasjon. Fellesnemnda tok også ei førebels skisse til «milepelsplan» til orientering.

Partssamansett utval

Fellesnemnda valde partsamansett utval. Fellesnemnda vedtok at partsamansett skal vera samansett av ni medlemer frå fellesnemnda. I tillegg kjem seks medlemer valde frå dei tillitsvalde.

Dei valde medlemene frå fellesnemnda er Marianne Sandahl Bjorøy, Tom Georg Indrevik og Anita Garlid Johannessen frå Fjell, Kari Anne Landro, Nils Kåre Skoge og Jogeir Sognnæs frå Sund og Børge Haugetun, Silvia Haugland og Espen Harkestad frå Øygarden.

Dei tillitsvalde som vart valde i inn i partssamansett utval er:

  • Fjell kommune
    – Medlem: Utdanningsforbundet ved hovudtillitsvald Nina Zandstra
    – Medlem: Fagforbundet ved hovudtillitsvald Bodil Aleksandersen
    – Varamedlem (ikkje avklart)
  • Sund kommune
    – Medlem: Utdanningsforbundet ved hovudtillitsvald Cathrine Olsen
    – Medlem: Fagforbundet ved hovudtillitsvald Hildegunn Høyland
    – Varamedlem: Delta ved hovudtillitsvald May Britt Hansen
    Øygarden kommune
  • – Medlem: Utdanningsforbundet ved hovudtillitsvald Vibecke Hodnekvam
    – Medlem: Fagforbundet ved hovudtillitsvald Solveig D. Rong
    – Varamedlem: Delta ved hovudtillitsvald Anne Grethe Andersen

Prosjektleiar Paul J, Manger

Utval for politisk organisering og eigarskapsmodellar

Det vart vedteke å nemna opp to utval. Det eine utvalet skal gå gjennom den politiske styringsstrukturen i prosessen fram mot etablering av ny kommune. Dette utvalet skal også føreslå delegasjonsreglement for Nye Øygarden kommune. Dette utvalet vert samansett av Marianne Sandahl Bjorøy (leiar), Ernst Einarsen, Kristin Brennhaug, Børge Haugetun, Ingrid Marie Toft, Jogeir Sognnæs og Jørgen Kausland.

Utvalet som skal sjå på eigarskapsmodellar vart samansett  av Atle Dåvøy (leiar), Per Eikeseth, Egil Haaland, Helena Morland Hansen og Daniel-Victor Sandvik.  I tillegg kjem varamedlemer i begge utvala.

Lokalisering av prosjektstab

Fellesnemnda godkjende at prosjektleiaren og staben hans er lokalisert i Vestnytt-bygget på Skjenet. I debatten vart det reist spørsmål om prosessen fram til avgjerd om lokalisering og om Skjenet er ei tenleg lokalisering. Framlegget om å lokalisera prosjektorganisasjonen på Skjenet fekk likevel full tilslutnad. Fellesnemnda sine møte og andre møte i regi av prosjektet skal i utgangspunktet lokalerast til Skjenet 2. Fjell kommune gjer ikkje krav på husleige frå prosjektet.

Overfører møta i fellesnemnda på nett-TV

Fellesnemnda vedtok at møta i fellesnemnda vert overførte på nett-TV. I utgreiinga er det vist til fleire løysingar. Fellesnemnda følgjer tilrådinga i saksutgreiinga om at det vert kjøpt inn eige utstyr og at eigne tilsette «driftar» overføringa på nett-TV.

Møtet vart halde i ikultursalen i Fjell rådhus.

Andre saker i fellesnemnda 2. oktober

  • Møteplan for fellesnemnda hausten 2017
    Møteplanen vart godkjent slik han låg føre. Dei komande møta før nyttår er etter planen 30. oktober, 20. november og 11. desember.
  • Møtegodtgjersle og tapt arbeidsforteneste for medlemmer av fellesnemnda
    Møtegodtgjersla vert som innstilt (kr. 1 250 pr. møte)
  • Prosjektorganisering Nye Øygarden kommune
    Fellesnemnda legg framlagde modell for prosjektorganisering til grunn for det vidare arbeidet.
  • Kommunal representant i kyrkjeleg fellesnemnd
    Fellesnemnda oppnemnde Odd Bjarne Skogestad som medlem i kyrkjeleg fellesnemnd for Fjell, Sund og Øygarden. Atle Dåvøy vert 1. vararepresentant, medan Anita Garlid Johannessen vert andre vararepresentant.
  • MOT-Fest i Vest 2018
    Det låg føre informasjon om planlagt felles MOT-samling for dei tre kommunane i 2018. Fellesnemnda vil seinare ta stilling til evt. økonomisk bidrag. Då denne saka vart drøfta i dag, understreka fleire i fellesnemnda at det er viktig å halda fast på «gratisprinsippet» for dei som deltek på MOT-festen.
  • Finansieringsordning for digitaliseringsprosjekt i regi av KS
    Saka vart utsett. Under drøftinga av denne saka før ho vart vedteken utsett, vart fleire kritiske til at departementet og KS i stor grad finansierer prosjektet med midlar frå medlemene i KS.

Under posten ymse vedtok fellesnemnda at det vert utarbeidd ei sak/utgreiing som kan belysa positive og negative sider ved å søkja om å ta over ansvaret for kollektivtransporten og fylkesvegane.

Tekst og foto: Vigleik Brekke