Historisk skuleleiarsamling på Knappskog skule

75 skuleleiarar og ressurspersonar frå Fjell, Sund og Øygarden var torsdag samla på Knappskog skule. Bakgrunnen var at opplæringslova vart endra frå 1. august med eit oppdatert kapittel 9A «Elevane sitt skolemiljø»

Frå felles leiarsamling på torsdag.

 

Samlinga vart opna av dei dei tre «skuleigarane» – Wilhelm Anglevik, skulesjef i Fjell, Jon Erik Egeland, kommunalsjef i Sund og Rune Landro, kommunalsjef i Øygarden, som markerte det historiske ved denne samlinga, som er den første samlinga av alle skuleleiarar etter vedtaket om å bygge ein ny kommune.

Grethe Fjeld og Kjetil Høvig frå opplæringsavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland orienterte om endringane i kapittel 9A og la opp til gode diskusjonar og refleksjonar om korleis skulane skal handtere dette arbeidet. Føremålet med kapittel 9A er at «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring». Endringane inneber at skulane no har ei handlingsplikt og at alle tilsette i skulen skal følgje med, gripe inn, varsle, undersøke og eventuelt sette inn tiltak og evaluere dei tiltaka som vert sett inn når ein elev ikkje har det trygt og godt.

Grethe Fjeld og Kjetil Høvig frå Fylkesmannen i Hordaland

Klagerett

Den største endringa i kapittel 9A er at eleven eller føresette etter ei veke kan klage til Fylkesmannen om dei ikkje er nøgde med skulens handtering. Dette er ei endring som får betyding for både skulen, Fylkesmannen og ikkje minst elevar og føresette. På denne skuleleiarsamlinga vart det drøfta korleis både skulen, skuleeigar og fylkesmann skal ivareta sine oppgåver. Ei viktig oppgåve som og vart drøfta var korleis skuleeigar og skulane kan informere elevar og føresette om endringane.

Det var stort engasjement på samlinga. Både skuleeigarnivå og skuleleiarane er tydelege på kor viktig forsterking av arbeidet mot krenkingar og mobbing, samstundes som det kan vere svært krevjande for skulane å handtere både sakene og den omfattande dokumentasjonen som den nye ordninga legg opp til.

Tekst og foto: Jorgeir Sognnæs