Førebur felles kommunestyremøte

På det femte møtet i førebuande fellesnemnd (FF) i dag vart det brukt god tid på å førebu felles kommunestyremøte den 21. juni. Det er Fylkesmannen som kallar inn til dette møtet.

Frå møtet i førebuande fellesnemnd i dag.

Møtet i FF vart denne gongen halde i velferdsbygget på Kollsnesanlegget i Øygarden.

Sund-ordførar Kari-Anne Landro innleia om det felles kommunestyremøtet i juni. På det møtet skal det mellom anna gjerast vedtak om namn på kommunen og kor mange representantar det skal vera i kommunestyret.  På møtet i dag gav FF tilråding om kva som skal gå fram i saksframlegg til møtet i juni.

Tilrår Øygarden

Med 12 mot fire røyster gjekk FF inn for at namnet på det nye kommunen skal vera Øygarden. Dette samsvarar med det felles forhandlingsutval gjekk inn for i februar 2016. Mindretalet var samansett av Anita Garlid Johannessen (Frp, Fjell), Elna Nybakk (Sotralista, Fjell), May Elin Limevåg (FrP, Sund) og Nils Kåre Skoge (Høgre, Sund). Garlid Johannessen og Nybakk gav i ordskiftet uttrykk for at det burde vore gjennomført ein prosess der folk fekk seia si meining om namnet før endeleg vedtak. Mindretalet hadde ikkje konkret forslag om noko anna namn enn Øygarden. Øygarden-ordførar Børge Haugetun meinte det hadde vore ein demokratisk prosess også når det gjeld namnet på kommunen. Endeleg vedtak om namn på den nye kommunen vert altså gjort den 21. juni i eit felles kommunestyremøte for dei tre kommunane.

Elna Nybakk (til venstre) og Anita Garlid Johannessen røysta imot å nytta namnet Øygarden på den nye kommunen.

 

Politisk struktur

Leiar i den førebuande fellesnemnda Marianne Sandahl Bjorøy understreka at det er intensjonsavtalen og inndelingslova som er grunnlaget for tilrådingane fram mot det felles kommunestyremøtet i juni.

Det er semje om at kommunestyret skal vera samansett av 45 medlemer, medan formannskapet skal ha 11 medlemer. Det vert lagt opp til gjennomgåande representasjon med ni medlemer i kvart hovudutval. Dei fire hovudutvala er oppvekst og kultur, helse og omsorg, nærings- og samfunnsutvikling og areal- og plansaker. Administrasjonsutvalet skal ha sju medlemer (fire politiske og tre medlemer frå organisasjonane til dei tilsette).  Kontrollutvalet, eldrerådet og kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne er føreslått å vera samansett av sju medlemer. Forliksrådet skal ha tre medlemer. Fellesnemnda (den endelege etter vedtak i juni) får i tillegg fullmakt til å oppretta andre utvalet etter behov.

Det er vidare føreslått at medlemene i førebuande fellesnemnd (17 stk.) vert vald til å utgjera den formelle fellesnemnda. Det er fellesnemnda sjølv som vel leiar og nestleiar(ar). Vidare skal det opprettast eit partsamansett utval som gjeld forholdet mellom den nye eininga som arbeidsgjevar og dei tilsette.

Alle dei tre kommunane har same revisor, men av formelle grunnar går FF inn for at revisor til Fjell kommune vert revisor for verksemda i fellesnemnda. Rekneskapen vert ført av Fjell kommune. Fellesnemnda kan oppretta eventuelt andre fellesorgan etter behov.

Desse føringane skal innarbeidast i eit felles saksframlegg og først behandlast i eit felles kommunestyremøte den 21. juni. I etterkant av fellesmøtet, den same dagen, vert det separate kommunestyremøte med endeleg behandling av saka. Møta vert haldne på Panorama Hotell og Resort i Sund.

Frå venstre;  Rune Lid (rådmann i Sund), Kari-Anne Landro (ordførar i Sund) og Nils Kåre Skoge (varaordførar i Sund).

 

 

Kartlegging av selskapsstruktur

Rådmann i Sund, Rune Lid, presenterte kartlegging av selskapsstrukturen i dei tre kommunane. Det er ei administrativ arbeidsgruppe som har gjennomført kartlegginga.

Det er både likskapar og ulikskapar mellom dei tre kommunane når det gjeld selskapsstrukturen. De mest vanlege selskapsformene er aksjeselskap, men også interkommunale selskap, interkommunalt samarbeid og stiftingar er vanlege selskapsformer i dei tre kommunane.

Førebuande fellesnemnd ønskjer at arbeidsgruppa held fram med arbeidet og lagar ei prioritetsliste der det går klart fram kva som er det viktigtaste å få utgreidd når det gjeld konsekvensar ved samanslåing til ny kommune. Døme på prioritert område kan vera vatn, avlaup og renovasjon.

Status tilsetjing ny prosjektleiar

Børge Haugetun orienterte om status for tilsetjing av ny prosjektleiar. Mercuri Urval har fått oppdraget med å hjelpa til med tilsetjinga. Tilsetjingsutvalet, samansett av dei tre ordførarane og tre representantar for organisasjonane til dei tilsette, skal etter planen i midten av juni gje innstilling til kven som bør tilsetjast. Då kan førebuande fellesnemnd gjera vedtak om tilsetjing av prosjektleiar den 16. juni.

Frå venstre; Ernst Einarsen (Fjell), Unni Rygg (sekretær for FF) og Tom Georg Indrevik (Fjell, varaordførar).

 

Andre saker

  • Det vart orientert om seminar 4 i region av KS om «Mål og visjonar for ny kommune, gevinstrealisering i praksis». Både tillitsvalde og politiske medlemer av FF deltek.
  • Framtidsseminaret den 15. mai vert arrangert på Panorama Hotell og Resort. Tema er mellom anna transport, energi/klima, samfunns- og næringsutvikling, «Den norske modellen» og framtidstrendar.
  • Under posten «Ymse» tok dei tillitsvalde i FF opp spørsmålet om informasjon. Dei etterlyste meir tilrettelagt informasjon retta mot alle dei tilsette i dei tre kommunane.

Etter møtet i førebuande fellesnemnd gav leiinga for Kollsnes og Sture informasjon om dei to store anlegga i Øygarden. Statoil er operatør av Stureterminalen og driv Kollsnes prosessanlegg på vegner av operatør Gassco. Det var plassjef Olav Bådsvik og kommunikasjonsleiar Kjersti Nordøy som informerte FF om dei to anlegga. Det er om lag 530 personar som arbeider på dei to anlegga. Om lag 350 er tilsett som faste, mellombelse eller lærlingar på Kollsnes og Sture.

Tekst og foto: Vigleik Brekke