Drøftar politisk styringsstruktur

På det femte møtet i førebuande fellesnemnd skal dei 17 politikarane og dei tre tillitsvalde drøfta dei politiske føresetnadene for etablering av den nye kommunen. Møtet vert halde i velferdsbygget på Kollsnes-anlegget i Øygarden.

Kollsnesanlegget

I samband med drøftinga av den politiske styringsstrukturen, vert det innleiing om «Demokratimodellen» slik han er omtalt i intensjonsavtalen for nye Øygarden kommune. Der heiter det at kommunestyret skal vera samansett av 45 medlemer, medan formannskapet skal ha 11 medlemer.  Det er vidare lagt opp til gjennomgåande representasjon med fire hovudutval; oppvekst og kultur, helse og omsorg, nærings- og samfunnsutvikling og areal- og plansaker (ni medlemer i kvart hovudutval). I tillegg kjem ein del andre råd og komitéar. Etter innleiinga vert det gruppeoppgåver med politisk organisering som tema.

Felles kommunestyremøte

Den 21. juni vert det invitert til felles kommunestyremøte for dei tre kommunane. Formelt er det Fylkesmannen som kallar inn til dette møtet. I fellesmøtet den 21. juni skal ein mellom anna ta stilling til namn på den nye kommunen og talet på medlemer i det nye kommunestyret. Aktuelle tema på møtet den 24. april er status og drøfting av det arbeidet førebuande fellesnemnd har gjort så langt.

Andre saker i førebuande fellesnemnd den 24. april

  • Presentasjon av gjennomført kartlegging av selskapsstruktur
  • Status tilsetjing prosjektleiar
  • Opplegg for framtidsseminar den 15. mai

Her kan du lesa innkalling, notat og vedlegg til møtet.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Øygarden kommune