Dette meiner politikarane

På denne sida kan du lesa om kva medlemene i dei politiske styringsgruppene og gruppeleiarar i kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden meiner om kommunereforma og planane om å byggja ein ny kommune. Også tillitsvalde i kommunane uttalar seg om kommunereforma.

Kari-Anne Landro, Sund (Høgre)

Kari-Anne Landro
Kari-Anne Landro

ordførar

Ny kommunikasjon i form av vegar og digitale løysingar har endra samfunnet vårt dei siste tiåra og samtidig har tenestene som Sund kommune har ansvar for blitt større og meir komplekse. For første gong har Sund, Fjell og Øygarden sete seg saman ved eit forhandlingsbord og utarbeidd ein intensjonsavtale for ein felles kommune.

Det er mykje som ligg til rette for ein ny kommune både med tanke på at ein er sikra dagens inntekter i 15-20 år og fordi på mange område er kommunegrensene «usynlege» i dag, spesielt innanfor handel- og næringsliv og gjennom mange interkommunale samarbeid.

Intensjonsavtalen som no ligg i bordet, legg vekt på nærtenesteprinsippet og det synest eg er viktig. Dei daglege tenestene skal vera nærast mogleg folk, medan dei meir spesialiserte tenestene som fleirtalet ikkje nyttar så ofte, kan vera sentralisert for best mogleg utnytting av kompetanse. I vekene som kjem, er eg spent på kva innbyggjarane tenker om å bygga ein ny kommune.

Marianne Sandahl Bjorøy, Fjell (Arbeidarpartiet)

Marianne Sandahl Bjorøy
Marianne Sandahl Bjorøy

ordførar

Sund, Fjell og Øygarden er tre kommuner som i mange år har samarbeidet godt gjennom interkommunalt samarbeid.  Utviklingen av samarbeidet er omfattende og tiden er inne for å se på muligheten for å bli en større og  mer slagkraftig kommune.

Jeg mener vi vil stå sterkere ved å bli én kommune.  Vi vil få et mer helhetlig næringsliv som vil være av de fremste i landet.

Vår identitet til kysten og kystkulturen vil være vårt særpreg.

I en større kommune vil fagmiljøene være større og sterkere, noe som vil komme innbyggerne til gode.

Nærtjenesteprinsippet er et prinsipp som vil være avgjørende for at innbyggerne skal få gode tjenester og for at vi skal lykkes med å bygge en ny kommune.

Børge Haugetun, Øygarden (Tverrpolitisk valliste for Øygarden)

Børge Haugetun
Børge Haugetun

ordførar

Kommunane må ta stilling til eventuell samanslåing innan første juli 2016. Dersom kommunestyra seier ja i juni, vert intensjonsavtalen eit viktig grunnlag for korleis vår nye kommune skal byggjast. Den sikrar gode tenester i heile den nye storkommunen.

For deg som innbyggjar er kommunen viktig. Veksten i det kommunale tenestenivået og velferdsstaten har sidan kommunereforma i 1964 vore utan sidestykke. Samfunnsutviklinga må kunne kallast formidabel. Det som då var store avstandar, kan i dag vere eit tasteklikk unna. Det er ikkje berre bygd bruer mellom åtskilde øyer, teknologien har mogleggjort eit utal bruer. Avgrensingane i gårsdagens geografi, er forbi. Når me skal vurdere kva kommune som tener framtida, må me sjå det lange perspektivet. Det vert ein spanande vår, nytt høvet og engasjer deg!

Tom Georg Indrevik, Fjell (Høgre)

Tom Georg Indrevik
Tom Georg Indrevik

varaordførar

En visjon om en sterk og vekstkraftig region.

Kommunene vest om Sotrabrua har gjennom generasjoner utgjort et felles bo- og arbeidsmarked. Vi er på de fleste områder svært avhengige av hverandre. Vi har en sterk felles strilekultur, men det finnes selvfølgelig nyanser i ulike deler av regionen.

En ny kommune vil kunne skape sterkere fagmiljø som igjen vil kunne gi innbyggerne høyere kvalitet på de tjenestene kommunen tilbyr.

Det viktigste for meg er at vi sammen vil kunne stå sterkere i forhold til å levere de tjenester innbyggerne har behov for, men ikke minst å kunne sikre fortsatt vekst og nye arbeidsplasser.

Det er viktig å se denne prosessen i et langt perspektiv – hva skal denne regionen være i 2040 – og hvordan skal vi få dette til.

Dette er en invitasjon til å skape en av Norges sterkeste regioner innenfor tjenester – vekst og innovasjon.

Egil Haaland, Fjell (Arbeidarpartiet)

Egil Haaland
Egil Haaland

gruppeleiar

Fjell Arbeiderparti gikk til valg med en positiv innstilling til å drøfte en kommunesammenslåing. Vårt krav var at prosessene skulle være gode. Slik dette arbeidet har vært gjennomført, er vi godt fornøyd. Alle har vist stor vilje til å drøfte alle sider på en saklig og god måte. Intensjonsavtalen legger et godt grunnlag for det videre arbeidet.

For Fjell Arbeiderparti er det viktigste at den fremtidige kommunen leverer gode tjenester på alle områder. Kommunesammenslåing dreier seg ikke først og fremst om navn eller geografisk plassering. Det viktigste er hvordan innbyggerne får gode løsninger i fremtiden på de oppgavene som kommunen leverer innen skole, helse og eldreomsorg, for å nevne tre viktige tjenester.

Sammen skal vi bygge en god kommune for framtiden.

Jogeir Sognnæs, Sund (Arbeidarpartiet)

Jogeir Sognnæs
Jogeir Sognnæs

gruppeleiar

Prosessen som leia fram til intensjonsavtalen har styrka meg i overtydinga om at det er riktig og naudsynt med ein samla storkommune her vest for Bergen. Eg ser i dag tre sterke argument for dette:

Den nye kommunen vil på fleire område kunne tilby betre tenester fordi fagmiljøa vert sterkare og får breiare kompetanse.

Den nye kommunen vil gjennom stordriftsfordelar kunne frigjere ressursar som kan styrke omfang og kvalitet av viktige tenester. Samstundes vil dette gjere oss betre rusta til å møte utfordringar som til dømes krav til nye tenester og press på økonomien.

Den nye kommunen  vert ein stor og viktig aktør som betre enn no vil kunne setje våre saker på dagsorden. Vi vil lettare bli høyrde i fylket, i ein eventuell ny vestlandsregion og på nasjonalt nivå.

Jørgen Kausland, Sund (Høgre)

gruppeleiar

Kommunereforma vert ein av dei viktigaste sakene som skal behandlast i kommunestyret i år. Det har blitt gjort eit godt arbeid med å laga ein overordna avtale, og ein legg no opp til god involvering av innbyggjarar gjennom folkemøte og spørjeundersøking. Det er gledeleg å sjå at avtalen legg til grunn at ein skal utvikle heile den nye kommunen og ikkje berre sentrale strøk.

Eg håpar flest mogleg nyttar moglegheita dei no får til å gje innspel slik at politikarane i Sund, Fjell og Øygarden får eit breitt grunnlag å gjere vedtak på.

Monica Alvheim, Fjell (Miljøpartiet Dei Grøne)

Monica Alvheim
Monica Alvheim

gruppeleiar

Det er viktig for Miljøpartiet Dei Grøne å ivareta den flotte kystnaturen og det levande lokaldemokratiet vi har idag. Ved ei eventuell kommunesamanslåing er det derfor viktig å leggja til rette for at lokaldemokratiet vert ivaretatt. Vi er åpne for å utgreia ein ny kommunestruktur ut frå klimaomsyn og jordvern og ser heilt klart fordelane ved ei kommunesamanslåing der tjenestetilboda vert styrka.

Olav Kobbeltveit, Fjell (Venstre)

Olav Kobbeltveit
Olav Kobbeltveit

gruppeleiar

Naturleg – dersom Sund og Øygarden vil

Eg er i utgangspunktet skeptisk til at ein minister skal sitja i Oslo og bestemma korleis Kommune-Noreg skal sjå ut. Dette kan vi løysa lokalt.

Når det er sagt – det er få stader det ligg så godt til rette for ei kommunesamanslåing som i øygarden vest for Bergen. Dersom folket i Sund og Øygarden ser seg tente med å skipa ein ny storkommune, så vil Fjell Venstre applaudera ei slik løysing.

Ein ny kommune bør byrja med blanke ark, og helst eit nytt namn. På den andre sida – øygarden er særs dekkande for det geografiske området vi snakkar om, også som særnamn – Øygarden.  Då får vi vi vår eigen nasjonalsong «Øygarden», skriven av Knut Øygard, med på kjøpet.

Andreas S. Unneland, Fjell (Sosialistisk Venstreparti)

Andreas Sjalg Unneland
Andreas Sjalg Unneland

gruppeleiar

SV brenner for et sterkt lokaldemokrati. Vi skal ikke slå kommuner sammen bare for å gjøre det, men fordi vi er overbevist om at det blir en bedre kommune for innbyggerne. Vi er positiv til en sammenslåing dersom det styrker regionen og skaper et levende lokaldemokrati.

Regionen vest for Sotrabrua deler den samme kulturarven og har i lang tid samarbeidet godt. Vi tror at en kommunesammenslåing vil styrke helhetstenkningen. Vi er sterke når vi står sammen og sammen kan vi få gjennomslag for god miljøpolitikk, et velferdsløft og et styrket lokaldemokrati.

Vi vil ha en kommunesammenslåing der vi lytter og tar hensyn til hva innbyggerne ønsker. Vi ønsker en god prosess der vi får fakta på bordet og sikrer demokratisk legitimitet for denne store avgjørelsen.

Sandra Valskog, Sund (Arbeidarpartiet)

Sandra Valskog
Sandra Valskog

medlem i formannskapet og kommunestyret

Eg meiner at det viktigaste å ta omsyn til når vi skal avgjere om vi skal slå oss saman med andre kommunar eller ikkje, er kva innbyggjarane ynskjer. Eg er oppteken av at innbyggjarane føler seg ivaretatt i denne prosessen. Samstundes skal alle kommunalt tilsette føle seg trygge på at dei har ein jobb å gå til. Det viktigaste for meg er ikkje kva vi skal heite, kor kommunesentret skal vere eller kva kommunevåpen vi skal ha. Det viktigaste er at innbyggjarane får gode og nære tenester, at vi får ein god skulestruktur og ein fornuftig samferdsel.

Uttale frå organisasjonane

Organisasjonane ser det som særs viktig at kommunane har lik framgangsmåte på korleis dei no arbeidar  vidare med intensjonsavtalen. God medråderett og aktiv bruk av tillitsvalde på alle nivå, gjennom heile prosessen, er ei føremon for å lukkast. Det er dei tilsette som kjenner tenesta, og kan gi verdifulle innspel. Det er  tilsette sine løns- og arbeidsvilkår, rettar og avtalar , som vert viktige å ta vare på/få i stand, og som må stå i sentrum når avtalar skal gjerast som får  direkte innverknad på den einskilde sin arbeidskvardag.

Kvar kommune har ei styringsgruppe og denne må vere involvert på same måte i dei tre kommunane.

Frå venstre; Cathrine Olsen (Hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Sund), Hildegunn Høyland (Hovudtillitsvald Fagforbundet Sund), Solveig Dale Rong (Hovudtillitsvald Fagforbundet Øygarden), Vibeche Hodnekvam (Hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Øygarden), Bodil Aleksandersen (Hovudtillitsval Fagforbundet Fjell) og Mikael Tangen (Hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Fjell)