Category Archives: Sund

Førebur felles kommunestyremøte

På det femte møtet i førebuande fellesnemnd (FF) i dag vart det brukt god tid på å førebu felles kommunestyremøte den 21. juni. Det er Fylkesmannen som kallar inn til dette møtet.

Frå møtet i førebuande fellesnemnd i dag.

Møtet i FF vart denne gongen halde i velferdsbygget på Kollsnesanlegget i Øygarden.

Sund-ordførar Kari-Anne Landro innleia om det felles kommunestyremøtet i juni. På det møtet skal det mellom anna gjerast vedtak om namn på kommunen og kor mange representantar det skal vera i kommunestyret.  På møtet i dag gav FF tilråding om kva som skal gå fram i saksframlegg til møtet i juni.

Tilrår Øygarden

Med 12 mot fire røyster gjekk FF inn for at namnet på det nye kommunen skal vera Øygarden. Dette samsvarar med det felles forhandlingsutval gjekk inn for i februar 2016. Mindretalet var samansett av Anita Garlid Johannessen (Frp, Fjell), Elna Nybakk (Sotralista, Fjell), May Elin Limevåg (FrP, Sund) og Nils Kåre Skoge (Høgre, Sund). Garlid Johannessen og Nybakk gav i ordskiftet uttrykk for at det burde vore gjennomført ein prosess der folk fekk seia si meining om namnet før endeleg vedtak. Mindretalet hadde ikkje konkret forslag om noko anna namn enn Øygarden. Øygarden-ordførar Børge Haugetun meinte det hadde vore ein demokratisk prosess også når det gjeld namnet på kommunen. Endeleg vedtak om namn på den nye kommunen vert altså gjort den 21. juni i eit felles kommunestyremøte for dei tre kommunane.

Elna Nybakk (til venstre) og Anita Garlid Johannessen røysta imot å nytta namnet Øygarden på den nye kommunen.

 

Politisk struktur

Leiar i den førebuande fellesnemnda Marianne Sandahl Bjorøy understreka at det er intensjonsavtalen og inndelingslova som er grunnlaget for tilrådingane fram mot det felles kommunestyremøtet i juni.

Det er semje om at kommunestyret skal vera samansett av 45 medlemer, medan formannskapet skal ha 11 medlemer. Det vert lagt opp til gjennomgåande representasjon med ni medlemer i kvart hovudutval. Dei fire hovudutvala er oppvekst og kultur, helse og omsorg, nærings- og samfunnsutvikling og areal- og plansaker. Administrasjonsutvalet skal ha sju medlemer (fire politiske og tre medlemer frå organisasjonane til dei tilsette).  Kontrollutvalet, eldrerådet og kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne er føreslått å vera samansett av sju medlemer. Forliksrådet skal ha tre medlemer. Fellesnemnda (den endelege etter vedtak i juni) får i tillegg fullmakt til å oppretta andre utvalet etter behov.

Det er vidare føreslått at medlemene i førebuande fellesnemnd (17 stk.) vert vald til å utgjera den formelle fellesnemnda. Det er fellesnemnda sjølv som vel leiar og nestleiar(ar). Vidare skal det opprettast eit partsamansett utval som gjeld forholdet mellom den nye eininga som arbeidsgjevar og dei tilsette.

Alle dei tre kommunane har same revisor, men av formelle grunnar går FF inn for at revisor til Fjell kommune vert revisor for verksemda i fellesnemnda. Rekneskapen vert ført av Fjell kommune. Fellesnemnda kan oppretta eventuelt andre fellesorgan etter behov.

Desse føringane skal innarbeidast i eit felles saksframlegg og først behandlast i eit felles kommunestyremøte den 21. juni. I etterkant av fellesmøtet, den same dagen, vert det separate kommunestyremøte med endeleg behandling av saka. Møta vert haldne på Panorama Hotell og Resort i Sund.

Frå venstre;  Rune Lid (rådmann i Sund), Kari-Anne Landro (ordførar i Sund) og Nils Kåre Skoge (varaordførar i Sund).

 

 

Kartlegging av selskapsstruktur

Rådmann i Sund, Rune Lid, presenterte kartlegging av selskapsstrukturen i dei tre kommunane. Det er ei administrativ arbeidsgruppe som har gjennomført kartlegginga.

Det er både likskapar og ulikskapar mellom dei tre kommunane når det gjeld selskapsstrukturen. De mest vanlege selskapsformene er aksjeselskap, men også interkommunale selskap, interkommunalt samarbeid og stiftingar er vanlege selskapsformer i dei tre kommunane.

Førebuande fellesnemnd ønskjer at arbeidsgruppa held fram med arbeidet og lagar ei prioritetsliste der det går klart fram kva som er det viktigtaste å få utgreidd når det gjeld konsekvensar ved samanslåing til ny kommune. Døme på prioritert område kan vera vatn, avlaup og renovasjon.

Status tilsetjing ny prosjektleiar

Børge Haugetun orienterte om status for tilsetjing av ny prosjektleiar. Mercuri Urval har fått oppdraget med å hjelpa til med tilsetjinga. Tilsetjingsutvalet, samansett av dei tre ordførarane og tre representantar for organisasjonane til dei tilsette, skal etter planen i midten av juni gje innstilling til kven som bør tilsetjast. Då kan førebuande fellesnemnd gjera vedtak om tilsetjing av prosjektleiar den 16. juni.

Frå venstre; Ernst Einarsen (Fjell), Unni Rygg (sekretær for FF) og Tom Georg Indrevik (Fjell, varaordførar).

 

Andre saker

  • Det vart orientert om seminar 4 i region av KS om «Mål og visjonar for ny kommune, gevinstrealisering i praksis». Både tillitsvalde og politiske medlemer av FF deltek.
  • Framtidsseminaret den 15. mai vert arrangert på Panorama Hotell og Resort. Tema er mellom anna transport, energi/klima, samfunns- og næringsutvikling, «Den norske modellen» og framtidstrendar.
  • Under posten «Ymse» tok dei tillitsvalde i FF opp spørsmålet om informasjon. Dei etterlyste meir tilrettelagt informasjon retta mot alle dei tilsette i dei tre kommunane.

Etter møtet i førebuande fellesnemnd gav leiinga for Kollsnes og Sture informasjon om dei to store anlegga i Øygarden. Statoil er operatør av Stureterminalen og driv Kollsnes prosessanlegg på vegner av operatør Gassco. Det var plassjef Olav Bådsvik og kommunikasjonsleiar Kjersti Nordøy som informerte FF om dei to anlegga. Det er om lag 530 personar som arbeider på dei to anlegga. Om lag 350 er tilsett som faste, mellombelse eller lærlingar på Kollsnes og Sture.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Drøftar politisk styringsstruktur

På det femte møtet i førebuande fellesnemnd skal dei 17 politikarane og dei tre tillitsvalde drøfta dei politiske føresetnadene for etablering av den nye kommunen. Møtet vert halde i velferdsbygget på Kollsnes-anlegget i Øygarden.

Kollsnesanlegget

I samband med drøftinga av den politiske styringsstrukturen, vert det innleiing om «Demokratimodellen» slik han er omtalt i intensjonsavtalen for nye Øygarden kommune. Der heiter det at kommunestyret skal vera samansett av 45 medlemer, medan formannskapet skal ha 11 medlemer.  Det er vidare lagt opp til gjennomgåande representasjon med fire hovudutval; oppvekst og kultur, helse og omsorg, nærings- og samfunnsutvikling og areal- og plansaker (ni medlemer i kvart hovudutval). I tillegg kjem ein del andre råd og komitéar. Etter innleiinga vert det gruppeoppgåver med politisk organisering som tema.

Felles kommunestyremøte

Den 21. juni vert det invitert til felles kommunestyremøte for dei tre kommunane. Formelt er det Fylkesmannen som kallar inn til dette møtet. I fellesmøtet den 21. juni skal ein mellom anna ta stilling til namn på den nye kommunen og talet på medlemer i det nye kommunestyret. Aktuelle tema på møtet den 24. april er status og drøfting av det arbeidet førebuande fellesnemnd har gjort så langt.

Andre saker i førebuande fellesnemnd den 24. april

  • Presentasjon av gjennomført kartlegging av selskapsstruktur
  • Status tilsetjing prosjektleiar
  • Opplegg for framtidsseminar den 15. mai

Her kan du lesa innkalling, notat og vedlegg til møtet.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Øygarden kommune

 

Skreiv under kontrakt med Mercuri Urval

I går skreiv dei tre ordførarane under kontrakten med rekrutteringsselskapet Mercuri Urval. Dette selskapet skal helpa til i arbeidet med å tilsetja prosjektleiar for kommunereforma.

Frå venstre; Kari-Anne Landro (ordførar i Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell), Gro Reinertsen i Mercuri Urval og Børge Haugetun (ordførar i Øygarden)

Mercuri Urval var representert ved Gro Reinertsen og Ole Petter Bratteberg då dei tre ordførarane skreiv under kontrakten. Det er tilsetjingsutvalet, samansett av dei tre ordførarane og tre tillitsvalde som skal gje innstilling til førebuande fellesnemd om kven som vert prosjektleiar.

– Planen er at stillingsannonsen for stillinga vert publisert på nett og i aviser (papir) i slutten av april. Eg reknar med at prosjektleiaren vert tilsett i midten av juni. I så fall kan vedkomande presenterast for det felles kommunestyremøtet den 21. juni, seier leiar av førebuande fellesnemnd Marianne Sandahl Bjorøy.

Den nye prosjektleiaren er venteleg på plass i august/september.

– Dette er ein av dei mest attraktive stillingane i regionen for tida. Eg håpar på stor interesse og mange søkjarar. Eg er trygg på at vi vil få ein god prosjektleiar, seier Sandahl Bjorøy.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 

Eldreråda førebur seg på ny kommune

Eldreråda i Sund, Fjell og Øygarden var samla i Fjell rådhus i går for å drøfta framtida for eldreråda i den nye kommunen frå januar 2020.

På møtet drøfta eldreråda mellom anna storleiken på eit nytt felles eldreråd for nye Øygarden kommune. I dag er det sju medlemer i eldreråda i Sund og Fjell og fem medlemer i eldrerådet i Øygarden. Nokre av medlemene er valt inn frå organisasjonar (pensjonistlag), og nokre av medlemene er valde av kommunestyra.

– Det nye eldrerådet må sjå til at Intensjonsavtalen for den nye kommunen vert følgd opp, særleg med tanke på at tenestenivået skal oppretthaldast. Sjølv tenkjer eg at eldrerådet kanskje bør ha ein storleik på om lag 10 medlemer, sa leiar av Sund eldreråd, Sverre Bungum.

Leiar i Fjell eldreråd, Berit Anita Larsen, leia møtet i kultursalen i går.

– Eg syns sju medlemer er nok, men eg meiner vi kan venta med å ta stilling til storleiken på det nye eldrerådet. Vi kan gje uttale om dette seinare, sa Larsen og fekk støtte for at dette kan ein koma tilbake til.

Oppgåver

Forsamlinga drøfta kva oppgåver og utfordringar som skal takast med vidare inn i ein ny storkommune. Eldrerådet er lovpålagt, og rettleiaren til Statens seniorråd  «Eldrerådets oppgåver og funksjon (2011)» gjev god informasjon om korleis arbeidet kan organiserast.

I samtalen vart det understreka at det er viktig å følgja opp det frivillige arbeidet og sikra eldrerådet vert teken med på råd i det som skjer i den nye kommunen.  Dette må skje før sakene er vedtekne.

– Vi vil ikkje ha sakene etterpå, sa Berit Anita Larsen.

Det vart også peika på at det bør oppmuntrast til at fleire «yngre eldre» (65+) vert engasjert i dette arbeidet. Ole Konrad Ekerhovd (Fjell) oppmoda eldrerådsmedlemene til å vera aktive i nominasjonsprosessen fram til kommunevalet i 2019 og sikra representasjon frå seniorar i partia. Andre tema i samtalen var prosjektet «Sjef i eige liv», einsemd, tilrettelagde bustader, velferdsteknologi, informasjon og tilbod for demente.

Det vert lagt opp til eit nytt fellesmøte for eldreråda i dei tre kommunane tidleg i 2018.

Foto

Sund eldreråd
Fjell eldreråd
Øygarden eldreråd

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Drøfta arbeidsgjevarpolitikk

Hovudtema på det fjerde møtet i førebuande fellesnemnd (FF) for kommunereforma  dag var arbeidsgjevarpolitikk, personalreglement og løns- og arbeidsvilkår. Møtet vart halde på Sund kommunehus måndag føremiddag.

Frå møtet i førebande fellesnemnd i Sund i dag.

Utgangspunktet for drøftinga er intensjonsavtalen som seier at «….alle tilsette har rett på jobb i den nye kommunen og skal ikkje få reduksjon i løna si, men ein del medarbeidarar vil få nye oppgåver og ny arbeidsstad, gode prosessar skal sikra at tilsette vert høyrde og kan bidra til omstilling gjennom drøftingar og utarbeiding av ein omstillingsavtale».

– Det er rikeleg med skilnader mellom kommunane når det gjeld arbeidsvilkåra, sa personalsjef i Øygarden, Per Helge Martinsen, som presenterte kartlegginga av personalreglementa i dei tre kommunane. Kartlegginga er gjennomført av dei tre personalleiarane i Sund, Fjell og Øygarden.

Arbeidsgruppa peikar særleg på skilnader som arbeidstid og tidsregistrering for kontortilsette, pensjonsordningane, retningslinjer for mellombels tilsetjing, HMR-system (løns- og personalsystem) og personforsikringar.

– Oppsummerande bør vegen vidare mot ein felles arbeidsgjevarpolitikk vera å identifisera alle planar, styringsdokument og  avtalar på overordna nivå og i alle sektorar, for først å avdekka likskapar og ulikskapar fullt ut. Deretter kan ein ta stilling til kva prinsipp og praksis som skal gjelda på  løn, personal og HMS i den nye kommunen, sa Martinsen.

Han viste også til arbeidsgruppa som har konkludert med at prinsipp som prosjektorganisasjonen tilrår i sitt utgreiingsarbeid, vert omsett til praktisk arbeidsgjevarpolitikk i kommunane når det ligg føre. Gruppa kan ikkje sjå at dette skal venta til kommunesamanslåinga er gjennomført. Før kommunesamanslåinga er det også aktuelt å samordna arbeidsgjevarpolitikken ytterlegare når det til dømes gjeld lønsforhandlingar og tilsetjingar.

Gruppearbeid

Temaet vart drøfta i grupper før resultatet av gruppearbeidet vart presentert i plenum. I gruppearbeidet vart det stilt spørsmål om kva politiske føresetnader som skal leggjast til grunn for omstillingsavtalen. Omstillingsavtalen omhandlar faste retningslinjer som til dømes medverknad, informasjon og kompetanseutvikling. I gruppearbeidet vart det stilt spørsmål om lengda på omstillingsavtalen og om det skal stillast garanti til stilling på eit visst nivå. Det vart vidare drøfta om garantien også skal omfatta seinare nedbemanningar innanfor lengda på garantien og andre politiske føringar.

Det var brei semje om at omstillingsavtalen skulle gjelda fram til og med 31. desember 2019, det vil seia fram til ny kommune er ein realitét. Prinsippa frå intensjonsavtalen om at løna ikkje skal reduserast og at alle tilsette har rett på jobb vart understreka. Det vart presisert kor viktig det er å ha ein god prosess på dette og sikra tryggleik for arbeidstakarane. Det var ønske om vidare kartlegging av arbeidsvilkåra i dei tre kommunane. Dette gjeld mellom anna kompetansekartlegging.

Ny prosjektleiar kan vera på plass i august/september

Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, orienterte om status i arbeidet med å få tilsett prosjektleiar for kommunereforma. Fire rekrutteringsselskap har gjeve tilbod innan fristen, og ut frå dei kriteria som vart fastsette, har leiargruppa (ordførarane) vald Mercuri Urval som rekrutteringsselskap. Mercuri Urval har teke imot tilbodet om oppdraget. Dei tillitsvalde skal delta i tilsetjingsutvalet ved tilsetjing av prosjektleiar. Ifølgje Haugetun kan prosjektleiar vera på plass i august/september.

Kommunane deltek i prosjekt om lokaldemokrati

Alle kommunestyra har vedteke at dei vert med i det to-årige prosjektet om lokaldemokrati; «Fornying og utvikling av lokaldemokratiet i kommunar med vedtak om samanslåing». Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som leiar prosjektet. Dei tre ordførarane vert med som deltakarar i tillegg til eín representant frå administrasjonen i kvar kommune. I tillegg vert det arrangert prosjektleiarsamlingar for ansvarlege i administrasjonen i kommunane.

Frå venstre; Lillian Torsvik (leiar av sekretariatet), Børge Haugetun (ordførar i Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) og Kari-Anne Landro (ordførar i Sund).

 

Andre saker i førebuande fellesnemnd

Seminarrekkje

Sund-ordførar Kari-Anne Landro orienterte om seminarrekkje i regi av KS. På det tredje seminaret i mars (Oslo) var det ikkje deltaking frå dei tre kommunane i region vest. Fleire deltakarar frå dei tre kommunane skal delta på det fjerde seminaret i Bergen den 26. – 27. april.

Framtidsseminar

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy orienterte om framtidsseminar på Panorama i Hotell & Resort i Sund den 15. mai. Målgruppe for seminaret vert kommunestyra i dei tre kommunane, Ungdommens kommunestyre/ungdomsråda, eldreråda, råda for menneske med nedsett funksjonsevne, administrativ leiing i kommunane, hovudtillitsvalde og den nye leiaren i Vest Næringsråd. Programmet for seminaret vert presentert på det femte møte i FF den 24. april.

Felles kommunestyremøte

Det er no avklart at Fylkesmannen vil kalla inn dei tre kommunestyra til eit felles kommunestyre den 21. juni. På møtet vert det mellom anna val av ordinær fellesnemnd og namn på den nye kommunen.

Her er fleire bilete frå det fjerde møtet i førebuande fellesnemnd:

Frå venstre; Egil Haaland, Ernst Einarsen og Odd Bjarne Skogestad.
Frå venstre; Kjell Arve Vorland, Jorgeir Sognnæs og Ingrid Toft.
Bodil Aleksandersen (hovudtillitsvald Fagforbundet, Fjell), og Kristine Berdal (hovudtillitsvald Utdanningsforbundet, Fjell).
Frå venstre; Hildegunn Høyland, Egil Haaland, Nils Kåre Skoge, Marianne Sandahl Bjorøy og Silvia Haugland.
Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Elna Nybakk, Espen Harkestad, Nina Zandstra og Kari-Anne Landro.
Frå venstre; Odd Bjarne Skogestad, Ingrid toft, Trude Erstad Villanger, Kjell Arve Vorland og Hilde Elisabeth Lohmann Sandahl.
Anita Garlid Johannessen, Ernst Einarsen, May Elin Limevåg, Jorgeir Sognnæs og Børge Haugetun.

Drøftar kommunen som arbeidsgjevar

Måndag den 27. mars er Sund kommune vertskap for det fjerde møtet i førebuande fellesnemnd (FF). Denne gongen skal fellesnemnda (kommunereforma) mellom anna drøfta politiske føresetnader for etablering av den nye kommunen.

Møtet i førebuande fellesnemnd den 27. mars vert halde i Sund kommunehus.

 

Utgangspunktet for denne drøftinga er intensjonsavtalen kapittel 11 som omhandlar kommunen som arbeidsgjevar. Det vert innleiing og gruppearbeid.

På møtet vert det også orientert om det to-årige prosjektet om lokaldemokrati; «Fornying og utvikling av lokaldemokratiet i kommunar med vedtak om samanslåing». Kommunestyra i Sund og Øygarden har vedteke at kommunane skal vera med i prosjektet. Kommunestyret i Fjell gjer vedtak den 23. mars.  Innan den 7. april må Kommunal- og moderniseringsdepartementet få melding om kommunane skal delta i prosjektet.

Andre tema på det fjerde møtet i FF er:

  • Kartlegging personalreglement
  • Status tilsetjing prosjektleiar
  • Prosjekt lokaldemokrati
  • Seminarrekkje
  • Framtidsseminar (15.05.)

Møtet vert halde i Sund kommunehus og tek til klokka 09.00.

Her kan du lesa innkalling og saksdokument.  Merk at det det vert lagt ut fleire dokument knytt til møtet seinare i veka.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Ønskjer å delta i demokratiprosjekt

Førebuande fellesnemnd (FF) ønskjer å delta i prosjektet «Fornying og utvikling av lokaldemokratiet i kommunar med vedtak om samanslåing». Dette er konklusjonen etter at spørsmålet vart reist på møtet i FF i Øygarden i dag.

På møtet i den førebuande fellesnemnda i dag var det mellom anna gruppearbeid. Frå venstre; Espen Harkestad (Øygarden), Kari-Anne Landro (Sund), Anita Garlid Johannessen (Fjell), Trude Erstad Villanger (hovudverneombod, Fjell) og Ernst Einarsen (Fjell).

Den førebuande fellesnemnda er samansett av 17 politikarar og tre tillitsvalde frå Fjell, Sund og Øygarden.

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har invitert kommunar som arbeider med samanslåing om å delta i eit nytt toårig prosjekt for å utvikla lokaldemokratiet. Det var Sund-ordførar, Kari-Anne Landro, som presenterte saka på møtet i dag.

– Eg trur dette er eit bra prosjekt som vi bør delta i, sa Landro og fekk støtte frå alle som tok ordet. Departementet ønskjer at svarbrevet skal behandlast i alle kommunestyra før det vert sendt inn. Startsamlinga vert i juni 2017. Dersom Stortinget gjev sin tilslutnad, vil kvar «ny kommune» få tilskot på inntil 100 tusen kroner for å arbeida med lokaldemokratiet frå det andre prosjektåret (2018).

Hovudtema på samlingane i prosjektet vert kva lokaldemokrati kommunane ønskjer å utvikla for den nye kommunen, korleis ein skal organisera og utforma den politiske styringa og korleis ein skal sikra eit godt samspel mellom kommunen og innbyggjarane. Målgruppe er politikarar og representantar. Inntil sju personar i kvar kommunekonstellasjon kan delta i prosjektet. I tillegg til politikarsamlingar, vert det lagt opp til prosjektleiarsamlingar for ansvarlege frå administrasjonen.

Kartlegg IKT i kommunane

IKT-sjef i Fjell, Kjell Fyllingen, presenterte kva IKT system som vert nytta i dei tre kommunane. «Grunnmuren» er ganske lik, og driftsmiljøa har lik teknologi. Det er likevel forskjellar mellom dei tre kommunane. Kommunane har 16 like løysingar når det gjeld programvare. Kommunane har ikkje særleg lange avtalar knytt til IKT.

– Dei fleste avtalane innan IKT går ut innan 2020, opplyste Kjell Fyllingen.

Kartlegginga er gjennomført av dei tre IKT-leiarane. Dei rår til at organiseringa av IKT og ressursar som skal arbeida med digitalisering og IKT-transformasjon kjem på plass så tidleg som mogleg for å starta med samansmelting og tilrettelegging av framtidas teknologi.

Arbeider vidare med tilsetjing av prosjektleiar

Det er plukka ut fem aktuelle tilbydarar til å delta i anbodskonkurransen for rekrutteringshjelp for tilsetjing av prosjektleiar for etablering av «Nye Øygarden» kommune. Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, opplyste at etter planen tek prosjektleiar til i stillinga i august i år. Konkurransegrunnlaget er sendt til følgjande tilbydarar; Mercuri Urval, Visindi, Ildne, Experis og Garuda.

Seminar i Trondheim

Sund-ordførar Kari-Anne Landro orienterte om seminar i Trondheim. Dette er ei seminarrekkje arrangert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, KS og arbeidstakarorganisasjonane.

– Det gjekk mykje tid på arbeidsrettslege spørsmål. Vi erfarte frå samlinga i Trondheim at det er viktig å få på plass prosjektleiar og budsjett for arbeidet med reforma. Vi kan lett verta overvelda over alt som må gjerast. Informasjon er viktig, og vi må kanskje arbeida meir med intern informasjon, sa Landro.

Møtet vart halde i Øygarden rådhus på Rong.

Framtidsseminar og framdriftsplan

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, som også er leiar av FF, får ansvaret med å planleggja og arrangera eit framtidsseminar. Seminaret er tidfesta til 15. mai. Informasjon om opplegget vert presentert for FF i neste møte (27. mars). På møtet i dag vart det oppmoda om at samlinga den 15. mai vert breitt samansett av politikarar, tillitsvalde og andre politiske organ som til dømes ungdommens kommunestyre/ungdomsråd og eldrerådet. Sandahl Bjorøy stadfesta at målet er å få flest mogleg til å delta på dette seminaret.

Ho presenterte også status for framdriftsplanen for fase 2. Etter at IKT-kartlegginga vart presentert i dag, vert det vidare lagt opp til at kartlegginga av selskapsstrukturen vert presentert i FF den 27. mars, kartlegging av personalreglement m.v. i FF den 24. april og kartlegging av pensjonsordningar i FF den 12. juni.

Gruppearbeid

Som avslutning på samlinga i dag vart den førebuande fellesnemnda delt inn i fire grupper for å arbeida med det som står i intensjonsavtalen om publikumsretta tenester. Det var semje om at biblioteka i kommunedelsentera skulla ha ein møteplassfunksjon for kommunale tenester. Døme på funksjonar som kan leggjast til desse sentera er byggjesakservice, NAV, Frivilligsentral og møterom. Andre tenester det er semje om skal leggjast til kommunedelsentera er helsestasjonar, legekontor og dagsenter. Miljø- og gjenbruksstasjonar bør også lokaliserast i desse områda.

Den politiske og administrative leiinga må lokaliserast på Straume, medan andre funksjonar kan samlast i kommunedelsentera. Det vart også understreka at ein må kartleggja kva areal som er til disposisjon i kommunane og nytta dei på ein god måte i den nye kommunen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga i dag:

Kjell Fyllingen (IKT-sjef i Fjell) orienterte om kartlegginga av IKT i kommunane.
Tillitsvalde på tilhøyrarbenken.
Frå venstre; Svein Bergh (Fjell), Jorgeir Sognnæs (Sund) og Ørjan Telle (Sund).
Frå venstre; Egil Haaland (Fjell), Espen Harkestad (Øygarden) og Ernst Einarsen (Fjell)
Frå gruppearbeidet. Frå venstre; Ingrid Toft (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Svein Bergh (Fjell), Ørjan Telle (Sund) og Vibecke Hodnekvam (Øygarden).
Gruppearbeid. frå venstre: Silvia Haugland (Øygaren), Egil Haaland (Fjell), Tom Georg Indrevik (Fjell), Jogeir Sognnæs (Sund) og Jørgen Kausland (Sund).

 

 

 

Nytt møte i førebuande fellesnemnd

Måndag den 20. februar er det klart for det tredje møtet i førebuande fellesnemnd (FF). Denne gongen er det Øygarden kommune som er vertskap.

Møtet i førebuande fellesnemnd vert halde på Øygarden rådhus på Rong.

På dette møtet vert det gjeve informasjon om status i arbeidet med å tilsetja prosjektleiar for arbeidet med kommunereforma og resultatet av kartlegginga av IKT.

Andre tema på møtet i FF er oppsummering av seminar for FF i Trondheim, invitasjon til å delta i lokaldemokratiprosjekt, planlegging av framtidsseminar, status for framdriftsplan og politiske rammer for FF (jf. intensjonsavtalen kap.7). Det er også sett av tid til gruppearbeid.

Les innkallinga til FF her.

Tekst: Vigleik Brekke

Ønskjer utvida mandat for tilsetjing av prosjektleiar

I ei felles sak i dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden, vert det innstilt på at førebuande fellesnemnd  (for kommunesamanslåing) får utvida mandatet til å tilsetja prosjektleiar.

Frå møtet i førebuande fellesnemnd i Sund den 8. desember.

Det er innstilt på at det vert vedteke ei løysing der stillinga vert utlyst som prosjektleiar der vedkomande som vert tilsett får høve til å søkja stillinga som rådmann i den nye kommunen. I saka ligg det også framlegg til kvalifikasjonar for prosjektleiaren.

På sist møte i førebuande fellesnemnd (08.12.) drøfta ein ulike modellar. Det kan tilsetjast ein prosjektleiar tidsavgrensa fram til den nye kommunen vert etablert 1. januar 2020. Ein annan modell er kombinert prosjektleiar og rådmann. Ein tredje modell er ein kombinasjon av dei to andre modellane der ein definerer prosjektleiarfunksjonen slik at det i stillingsutlysinga går fram at prosjektleiaren kan søkja stillinga som rådmann. Det er den tredje modellen det vert innstilt på i denne saka.

Saka er ferdigbehandla i Fjell. Sund formannskap behandlar saka den 31.01., medan formannskapet i Øygarden behandlar saka den 01.02. Alle kommunane behandlar saka endeleg i kommunestyret.

Her kan du lesa saka til formannskapet i Øygarden. Her er saka til Sund formannskap.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Ønskjer samarbeid om digitalisering

– Bergen kommune ønskjer samarbeid med nabokommunane om digitalisering av offentleg sektor. Dette kan gjerast inn mot KS der vi gjer det klart at dette vil vi utvikla saman, sa kommunaldirektør Robert Rastad då førebuande fellesnemnd var samla til sitt andre møte i Sund kommunehus i ettermiddag.

Robert Rastad
Robert Rastad

Den førebuande fellesnemnda er samansett av 17 politikarar og tre tillitsvalde frå Fjell, Sund og Øygarden.

Saman med leiar for digitalisering og innovasjon konsern i Bergen kommune, Kjetil Århus, orienterte Rastad om digitalisering i Bergen kommune.

– Vi må tenkja standardløysing og at vi kan gjera dette saman i eit skisseprosjekt, sa Rastad.

Kjetil Århus viste til regjeringa sin store ambisjonar om digitalisering av den offentlege sektoren. Også Århus understreka at den kommunale sektoren må stå fram samla om ein skal lukkast i dette arbeidet.

– Einaste vegen er at kommunane står samla om dette. Vi er klare for ei regional koordinering der vi kan utvikla felles kompetanse for kommunane, sa Århus.

Det digitale verktøyet SvarUT er utvikla av KS i samarbeid med Bergen kommune. Ved utgangen av oktober 2016 var det inngått 343 avtalar (300 kommunar, 15 fylkeskommunar og 28 andre verksemder) om SvarUT. Dei 343 kommunane representerer eit innbyggjartal  på 4,5 millionar.

Kjetil Århus
Kjetil Århus

Tilsetjing av prosjektleiar

Fellesnemnda drøfta spørsmålet om det skal tilsetjast ein prosjektleiar fram til den nye kommunen er ein realitet frå januar 2020 eller om det skal tilsetjast ein prosjektleiar som også tek over som rådmann i den nye kommunen. I drøftinga kom det fram at det er ulike kravspesifikasjonar til ei rein prosjektleiarstilling og prosjektleiar/rådmann.

Det vart konkludert med å starta opp arbeidet med tilsetjing av prosjektleiar (fram til januar 2020). Det vert laga sak til dei tre kommunestyra med sikte på at førebuande fellesnemnd får mandat til å gå til tilsetjing av prosjektleiar.

Leiargruppa (dei tre ordførarane) skal stå for arbeidet med å velja rekrutteringsbyrå, utlysa etter prosjektleiar og avklara kvalifikasjonar og krav til stillinga.

Andre bestillingar

Etter gjennomgang av kva intensjonsavtalen seier om digitalisering, interkommunalt samarbeid og selskap og kommunen som arbeidsgjevar, gjorde FF fleire bestillingar til administrasjonen.

Det skal kartleggast kva IKT-system som finst i kvar av dei tre kommunane, og det skal kartleggjast personalreglement og løns- og arbeidsvilkår. Vidare skal det gjennomførst kartlegging av selskapsstrukturar i kommunane og dei forskjellige pensjonsordningane i kommunane. Når det gjeld kartlegging av IKT-system, vert administrasjonen også beden om å kartleggja mogleg samarbeid med Bergen kommune om digitale løysingar.

Espen Harkestad, Ingrid Toft og Silvia Haugland (alle Øygarden)
Espen Harkestad, Ingrid Toft og Silvia Haugland (alle Øygarden)

Kommunikasjonsplan

Fellesnemnda godkjende framlegget til kommunikasjonsplan. Etter framlegg i møtet vert det lagt til eit ekstra kulepunkt under verkemiddel (kap. 8) om å gje informasjon på leiarsamlinga og liknande.

Etter drøfting vart det gjeve tilslutnad til at promoteringsfilm for regionen og dokumentasjonsfilm for kommunereformprosessen er blant verkemidla. Det skal til neste møte lagast ei sak om mogleg streaming av møta i førebuande fellesnemnd (overføring på nett-TV).

Andre saker

  • Rolleavklaring og styringslinjer
    Denne saka vart teken til orientering.
  • Endring i seminarrekkje
    Det vart vedteke at heile fellesnemnda og nokre personar frå administrasjonen i kommunane deltek på «Seminarrekkje» i Trondheim den 23. og 24. januar i regi av KS.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå det andre møtet i førebuande fellesnemnd:

Egil Haaland og Tom Georg Indrevik (Fjell)
Egil Haaland og Tom Georg Indrevik (Fjell)
Tilhøyrarbenken
Tilhøyrarbenken

 

Dei tre ordførarane. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund) og Børge Haugetun (Øygarden).
Dei tre ordførarane. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund) og Børge Haugetun (Øygarden).

 

Møtet vart halde i Sund kommunehus.
Møtet vart halde i Sund kommunehus.

 

Børge Haugetun og Egil Haaland.
Børge Haugetun og Egil Haaland.

 

Ernst Einarsen (Fjell), Nils Kåre Skoge (Sund) og Odd Bjarne Skogestad (Fjell).
Ernst Einarsen (Fjell), Nils Kåre Skoge (Sund) og Odd Bjarne Skogestad (Fjell).

 

Sund-ordførar Kari-Anne Landro.
Sund-ordførar Kari-Anne Landro.

 

Dei tre ordførarane. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund) og Børge Haugetun (Øygarden).
Dei tre ordførarane. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund) og Børge Haugetun (Øygarden).