Category Archives: Øygarden

Sjå video frå felles kommunestyremøte

Det handla mellom anna om namn på den nye kommunen, talet på medlemer i kommunestyret og samansetjinga av fellesnemnda då Lars Sponheim hadde kalla inn til felles kommunestyremøte på Panorama Hotell & Resort i Sund onsdag 21. juni.

Det vart ikkje fatta vedtak i felles kommunestyremøte, men dei 79 kommunestyrerepresentantane frå Sund, Fjell og Øygarden fekk drøfta spørsmål som skulle opp til formell behandling i separate kommunestyremøte seinare på dagen.

Ved dirigentbordet sat (frå venstre;) Lars Sponheim, Kari-Anne Landro (ordførar Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar Fjell) og Børge Haugetun (ordførar Øygarden).

Separate kommunestyremøte

I etterkant av felles kommunestyremøte, vart det gjennomført separate kommunestyremøte for dei tre kommunane. Her vart det mellom anna gjort konkrete vedtak knytt til namn, samansetjing av fellesnemnda, storleik på kommunestyre og formannskap (frå 1. januar 2020). I etterkant av møta, oppsummerte dei tre ordførarane kva som vart vedteke i kommunestyremøta.

Video: Kjell Andersland
Redigering: Fredrik von der Ohe

Namnet på den nye kommunen vert Øygarden

Onsdag ettermiddag vedtok kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden at namnet på den nye kommunen i region vest skal vera Øygarden. Dei tre kommunane vert slått saman med verknad frå 1. januar 2020.

Etter at dei tre kommunestyremøta var unnagjort, informerte dei tre ordførarane om resultatet av behandlinga av kommunreformsaka. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Kari-Anne Landro (Sund) og Børge Haugetun (Øygarden).

På Panorama Hotel & Resort var det i dag først felles kommunestyre med 79 medlemer leia av fylkesmann Lars Sponheim. I etterkant gjennomførte dei tre kommunestyra separate møte der det mellom anna vart gjort vedtak om namn på den nye kommunen, storleik på kommunestyre og formannskap, val av fellesnemnd og politisk organisering.

Allereie i felles kommunestyremøte var det klart at det var spørsmålet om namn på den nye kommunen og storleiken og samansetjinga av den permanente fellesnemnda som det ville verta mest diskusjon om.

I Sund kommunestyre var det klart fleirtal for å kalla den nye kommunen Øygarden. Tre representantar (FrP) røysta for Skjergard, medan SV fekk si eiga røyst på å kalla kommunen Sotra-Øygarden. SV røysta subsidiært for Øygarden som namn på kommunen.

Etter ei prøveavrøysting i Fjell, der det vart røysta over tre forslag; Sotra-Øygarden, Skjergard og Øygarden, vart det ved endeleg avrøysting med 32 røyster vedteke å kalla kommunen for Øygarden. Tre representantar (FrP) røysta for å Skjergard. I Øygarden var heile kommunestyret samla om å kalla kommunen for Øygarden.

Endring i samansetjinga fellesnemnda

Fellesnemnda på 17 medlemer vert identisk med førebuande fellesnemnd, med eitt unnatak. Olav Kobbeltveit (Venstre, Fjell) erstattar Hilde Lohmann Sandal frå Ap (Fjell).  Dermed er alle partia i dei tre kommunane representert i fellesnemnda med unnatak av SV og Miljøpartiet Dei Grøne.

SV fekk berre si eiga røyst på eit forslag om å supplera fellesnemnda med to medlemer (til 19) slik at alle partia vert representerte. I Øygarden kommunestyre vart det presentert to listeforslag over kandidatane frå Øygarden. Det vart gjennomført avtaleval, og resultatet av dette er at Aud Karin Oen (SV) vert andre vara på felleslista frå Ap, Høgre og SV.  Fellesnemnda 17 medlemer.

SV ønskte å utvida storleiken på fellesnemnda. På biletet, Aud Karin Oen

SV fekk berre si eiga røyst på eit forslag om å auka talet på medlemer i kommunestyret (frå 1. januar 2020) frå 45 til 47 medlemer og formannskapet frå 11 til 13 medlemer. Den nye kommunen skal ha fire hovudutval; oppvekst og kultur, helse og omsorg, nærings- og samfunnsutvikling og areal- og plansaker.  Det skal også opprettast ein del andre utval, mellom anna partssamansett utval. Det partssamansette utvalet skal vera samansett av fellesnemnda og til saman seks tillitsvalde, to frå kvar kommune.

Fellesnemnda får ansvaret for å organisera kommuneval i 2019, og eingongstilskotet på 35 millionar kroner skal betalast til bankkontoen til Fjell kommune. Fjell kommune skal føra rekneskapen for fellesnemnda, og revisor til Fjell kommune skal revidera rekneskapen for nemnda.

Drøfting i felles kommunestyre

Det som dominerte innlegga i felles kommunestyremøte leia av Lars Sponheim var at dette var ein historisk dag for regionen. Fleire av talarane viste til intensjonsavtalen som er eit godt dokument og førande for det vidare arbeidet i den permanente fellesnemnda.

– Dette er ein god avtale. No står vi framfor ein periode der tre prosessar går parallelt. Det handlar om å byggja ein ny kommune, drifta eksisterande kommunar og leggja ned tre kommunar, sa ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy.

Øygarden-ordførar Børge Haugetun trekte historiske linjer og viste til milepælar som 1814 (grunnlova) og 1837 (formannskapslova) og at Sund og Fjell vart eigne kommunar frå januar 1838. I 1964 vart Øygarden etablert samstundes som Fjell då fekk den siste grensejusteringa.

– Vi skal ikkje tenkja partipolitikk. Vi skal lytta til innspel frå dei partia som ikkje vert representerte i fellesnemnda, sa Haugetun.

Sund-ordførar Kari-Anne Landro viste til at ein i arbeidet med kommunereforma har kikka både mot Nordhordland og Sandefjord. Også Sandefjord, som har fleire innbyggjarar enn våre tre kommunar til saman, har 17 medlemer i fellesnemnda.

Alte Justad (Ap, Fjell) gav ros til dei om har arbeidd fram prosjektet der ein har enda opp med eit godt namn og fyrtårn som gjev identitet.

Atle Justad

Sjølv om Aud Karin Oen (SV) har vore kritisk til kommunereforma, runda ho av med gratulasjon.

– Eg må, om enn noko motstrebande, gratulera med dagen. Det er viktig å inkludera arbeidstakarane, og demokratiet må ein skapa kvar einaste dag, sa Oen.

Også på dette møtet var fleire av talarane opptekne av namnet på kommunen og samansetjinga og storleiken på fellesnemnda som gjekk igjen. På dette møtet lanserte Svein Otto Jacobsen i FrP (Sund) at namnet Skjergard ville verta  føreslått i det separate kommunestyret. Også Anita Garlid Johannessen (FrP, Fjell) gjorde kjent at ho hadde landa på dette namnet. Symphorien Pombe i SV (Sund) signaliserte at han ville røysta for Sotra-Øygarden som namn på den nye kommunen. Aud Karin Oen (SV, Øygarden) og Andreas Skjalg Unneland (SV, Fjell) meinte at samansetjinga av fellesnemnda ikkje var tilstrekkeleg demokratisk ettersom ikkje alle partia/gruppene vert representerte i nemnda med det forslaget som låg i bordet.

Lars Sponheim runda av ved å visa til at fellesnemnda får sine fullmakter frå kommunestyra. Nemnda får ei meir sjølvstendig rolle enn andre organ som går ut frå kommunestyret.

– Det er viktig at ordførarane gjev god informasjon undervegs og tek imot gode råd, Det har vore ein god tone på møtet i dag, der de har vist respekt for kvarandre, sa Sponheim då han oppsummerte møtet.

Avslutningsvis var det presentasjon av prosjektleiar Paul J. Manger. Les meir her.

Dei tre kommunestyra var samla på Panarama Hotell & Resort i dag. Mellom ordførarane framme står fylkesmann Lars Sponheim.

Foto: Ingunn Teigen, Kjell Andersland og Vigleik Brekke
Tekst: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Sund kommunestyre

 

Fjell kommunestyre

 

Øygarden kommunestyre

 

Diverse

Klart for felles kommunestyremøte

Onsdag den 21. juni vert det ein ny historisk dag for kommunereformarbeidet for Sund, Fjell og Øygarden. Fylkesmann Lars Sponheim har kalla inn til felles kommunestyremøte på Panorama Hotell & Resort, og i etterkant skal dei tre kommunestyra ha separate møte for mellom anna å vedta namn på den nye kommunen.

Fylkesmann Lars Sponheim har kalla inn til felles kommunestyremøte den 21. juni.

Dagen tek til med felles kommunestyremøte (kl. 09.00) leia av fylkesmannen. Der vert det drøftingar i medhald av inndelingslova. Tema er namn på den nye kommunen, talet på medlemer i kommunestyret og kriterium for samansetjing og funksjonar til fellesnemnda.

Etter lunsj (kl. 13.00) har ordførarane i dei tre kommunane kalla inn til separate kommunestyremøte der det vert gjort formelle vedtak. Då skal det mellom anna avgjerast namn på den nye kommunen, val av permanent fellesnemnd, tal på kommunestyremedlemer og storleik på formannskapet. Det er vidare føreslått å oppretta fire hovudutval; oppvekst og kultur, helse og omsorg, nærings- og samfunnsutvikling og areal- og plansaker.

Det skal også opprettast ein del andre utval, mellom anna partssamansett utval og val av revisor for fellesnemnda. Den 16. juni slutta førebuande fellesnemnd seg til saksframlegget som vert behandla i kommunestyra den 21. juni.

Oppgåver for fellesnemnda

Det er føreslått at den permanente fellesnemnda er identisk med førebuande fellesnemnd. Oppgåvene og fullmaktene til fellesnemnda er synleggjort i reglementet. I framlegget til reglement går det fram at fellesnemnda skal vidareføra arbeidet med å etablera ein ny kommune frå første januar 2020 i samsvar med intensjonsavtalen (vedteken av kommunestyra den 20. juni 2016) og inndelingslova.

Fellesnemnda skal etablera arbeidsutval, underutval og arbeidsgrupper etter behov. Nemnda skal disponera eingongsstønaden frå staten (35 millionar kroner) og ha ansvar for tilsetjing av ny rådmann, ny administrativ leiing og anna personale i den nye kommunen. I reglementet går det også fram at nemnda kan drøfta og uttala seg i saker som er til behandling i dei ordinære utvala i kommunen. Nemnda skal også førebu budsjett og gjennomføra budsjettprosessen for 2020 og økonomiplan for 2020-2023.

Kommunane vil disponera ein eingongsstønad på 35 millionar kroner etter vedtaket den 21. juni. Etter at kommunen er etablert i 2020, vert det utbetalt ein reformstønad på 25 millionar kroner.

Felles kommunestyre tek til klokka 09.00.
Separate kommunestyremøte tek til klokka 13.00.

Her er innkalling til felleskommunestyremøte.
Innkalling til kommunestyremøte Sund
Innkalling til kommunestyremøte i Fjell
Innkalling til kommunestyremøte Øygarden

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

Presenterte kartlegging av pensjonsordningane

På det siste møtet i førebuande fellesnemnd (FF) i Fjell i dag (16.06.) vart kartlegginga av pensjonsordningane i dei tre kommunane presentert. Totalt er om lag 2 500 tilsette medlem i den felles kommunale pensjonskassen KLP og Fjell kommunale pensjonskasse (FKP).

Frå pausen i møtet i føremiddag. Frå venstre; Karstein Sæverås (journalist Vestnytt), Kari-Anne Landro (ordførar Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar Fjell).


Økonomisjef i Fjell, Svend-Fredrik Untiedt, presenterte kartlegginga. Han sa at den verdijusterte avkastninga for FKP har variert i perioden.

– Over tid har avkastninga i FKP og KLP vore på det næraste lik, sa Untiedt. Han gjekk gjennom tema som kapitalbase, premiereserve, avkastning og flyttreglar.

Øygarden og Sund har KLP som pensjonskasse, medan Fjell kommune har hatt eigen pensjonskasse sidan 2006. Det er likevel ein del skilnader. Lærarane har pensjonsordning i Statens pensjonskasse (lovfesta). Sjukepleiarane har tariff-festa at deira pensjonsordning skal vera i KLP. Sotra Brannvern er med i FKP, medan FjellVAR, Fjell kyrkjelege fellesråd, Sund sokn og Øygarden kyrkjelege fellesråd har KLP som leverandør.

KLP er eit gjensidig eigd elskap med avgrensa medråderett, medan FKP er ein sjølvstendig juridisk eining klassifisert som pensjonskasse. Etter finanslova skal FKP vera uavhengig av kommunen. Styremedlemene er peika ut av kommunestyret, medan eitt styremedlem ikkje skal ha tilknyting til kommunen.

Førebur felles kommunestyremøte

I møtet i dag var det gjennomgang av felles sak som skal behandlast i kommunestyra og felles kommunestyremøte i Sund den 21. juni. Då skal det mellom anna avgjerast namn på den nye kommunen, val av permanent fellesnemnd, tal på kommunestyremedlemer og storleik på formannskapet. Det er vidare mellom anna føreslått å oppretta fire hovudutval; oppvekst og kultur, helse og omsorg, nærings- og samfunnsutvikling og areal- og plansaker. Det skal også opprettast ein del andre utval, mellom anna partssamansett utval. FF slutta seg til saksframlegget som vert behandla i kommunestyra den 21. juni.

I samband med gjennomgangen av saksframlegget informerte Daniel-Victor Sandvik (FrP, Fjell) om at det ville koma forslag om alternativt namn på den nye kommunen når saka skal til behandling den 21. juni. Det vart ikkje opplyst kva alternativt namn som vil verta føreslått.

 

Daniel-Victor Sandvik (Fjell, FrP) opplyste om at det ville koma forslag om alternativt namn på kommunen når saka vert behandla 21. juni.

Kommunane vil disponera ein eingongsstønad på 35 millionar kroner etter vedtaket den 21. juni. Etter at kommunen er etablert i 2020, vert det utbetalt ein reformstønad på 25 millionar kroner.

Oppsummering av seminar

På møtet i dag tok FF ei oppsummering av framtidsseminaret i Sund den 15. mai. Fleire meinte at dette var eit nyttig seminar der ein fekk sjå framover. Nokre gav likevel uttrykk for at seminaret var «høgtravande» med til dels krevjande tema. Det vart også peika på at det er nyttig å tileigna seg omstillingskompetanse i arbeidet med kommunereforma.

Silvia Haugland, Nils Kåre Skoge og Trude Erstad Villanger orienterte om seminar på Scandic Berge Airport i april, «Mål og visjonar for ny kommune – gevinstrealisering i praksis». Tema var mellom anna digitalisering, frykt for feil, medverknad, prosjektorganisering, innovative anskaffingar, kartverket og arkiv. Det er viktig å skapa ein kultur for å våga å gjera feil og at ein kan læra av feila.

Leiar av førebuande fellesnemnd, Marianne Sandahl Bjorøy, gjekk gjennom oppsummeringa av arbeidet i nemnda (sjå innkallingsdokumenta).

Her kan du finna dokument til møtet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå møtet i dag:

Frå venstre; Heine Kleppe (Fjell, økonomiavdelinga), Svend-Fredrik Untiedt og Egil Haaland (Fjell, Ap)
Frå venstre; Børge Haugetun (Øygarden, TVØ, Tom Georg Indrevik (Fjell, Høgre), Elna Nybakk (Fjell, Sotralista) og Silvia Haugland (Øygarden, TVØ)
Frå venster; Kjell Arne Vorland (Sund, Sp), Nils Kåre Skoge (Sund, Høgre), Espen Harkestad (Øygarden Ap) og Ingrid Toft (Øygarden (Høgre)
Møtet vart halde i kultursalen i Fjell rådhus.

 

 

Her er prosjektleiaren for «Nye Øygarden kommune»

Paul J. Manger

Paul J. Manger (58) vart i dag tilsett som prosjektleiar for «Nye Øygarden» kommune. Manger er no assisterande rådmann i Os kommune (Hordaland). Det var førebuande fellesnemnd (FF) som gjorde tilsetjinga i dag etter innstilling frå tilsetjingsutvalet.

Leiar i FF, Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, opplyser at tilsetjingsutvalet har lagt vekt på at Manger har kommunal erfaring, er relasjonssterk, løysingsorientert,  strukturert og er ein god organisator.  Manger skal leia det administrative arbeidet med å slå saman Sund, Fjell og Øygarden kommune og er tilsett fram til den nye kommunen er ein realitét i januar 2020.

– Han er skildra som ein som sikrar at ting vert gjort utan at han går ned i detaljane, sa Sandahl Bjorøy til fellesnemnda i dag.

Paul J. Manger har stadfesta at han tek imot stillinga som prosjektleiar for arbeidet med å etablera ein ny kommune. Han tek til i stillinga 1. september.

– Eg takkar for tilliten som er gitt meg. Eg ser fram til å samarbeida med politikarar, administrasjonen og tillitsvalde i dei tre kommunane i arbeidet med å etablera ein ny kommune. Vi har ei spennande og krevjande tid framfor oss. God motivasjon og sterk lagånd er viktig for å nå dei måla som er sette for den nye kommunen, seier den Paul J. Manger.

Opphavleg kjem Paul J. Manger frå Manger i Radøy kommune. I Os kommune er han assisterande rådmann. Han er også prosessleiar for arbeidet med kommunereforma. Han har også i to periodar vore fungerande /konstituert rådmann i Os. Av utdanning har han hovudfag i administrasjon- og organisasjonsvitskap på Universitetet i Bergen. Han vert til stades og presentert på felles kommunestyremøte den 21. juni.

Tekst: Vigleik Brekke

Stortinget vedtok å slå saman kommunane i regionen

Torsdag kveld (8. juni) vedtok Stortinget å slå saman kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Totalt vart det gjort vedtak om å slå saman 108 kommunar til 42 kommunar. Stortingvedtaka inneber at  talet på kommunar vert redusert frå 428 til 354 kommunar. I ti sammenslåinger skjer det ved bruk av tvang.Vedtaket om samanslåing har verknad frå 1. januar 2020.

Kommune- og fylkesreformdebatten tok ni timar. Debatten knytte seg til tre saker; kommunereforma, inndeling av regionalt nivå og oppgåveoverføring til kommunane.

Vedtaket i Stortinget om kommunereforma samsvarar med vedtaket dei tre kommunane (Sund, Fjell og Øygarden)  gjorde i juni 2016.

Den 21. juni i år har Fylkesmannen kalla inn til felles kommunestyre for dei tre kommunane der det mellom anna vert gjort formelt vedtak om namn på den nye kommunen, val av (permanent) fellesnemnd, tal på kommunestyremedlemer og politisk organisering. På møtet i førebuande fellesnemnd den 16. juni skal nemnda førebu det felles kommunestyremøtet den 21. juni.

På nettsida til Stortinget kan du lesa meir om saka og merknader frå kommunal- og forvaltningskomitéen.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

Klart for tilsetjing av prosjektleiar

Fjell rådhus

På det sjette og siste møtet i førebuande fellesnemnd (FF) for ny kommune den 16. juni skal det tilsetjast prosjektleiar for arbeidet med å etablera ny kommune i regionen. Møtet vert halde på Fjell rådhus.

Det melde seg 25 søkjarar til stillinga som prosjektleiar då søknadsfristen gjekk ut den 21. mai. Åtte av dei trekte søknadene sine. Etter ein tilsetjingsprosess, gjennomført av tilsetjingsutvalet i samarbeid med rekrutteringsselskapet Mercuri Urval, står ein igjen med tre kandidatar. Førebuande fellesnemnd skal på møtet den 16. juni gjera vedtak om kven som skal få tilbod om/tilsetjast i stillinga.

På møtet den 16. juni skal FF også førebu saker som skal behandlast i dei tre kommunestyra og felles kommunestyre den 21. juni. Saker/tema  til møta den 21. juni er mellom anna namn på den nye kommunen, val av (permanent) fellesnemnd i samsvar med inndelingslova, tal på kommunestyremedlemer og politisk organisering.

Den 21. juni skal dei tre kommunestyra samlast på Panorama Hotell & Resort i Sund. Det er Fylkesmannen som kallar inn felles kommunestyremøte for Sund, Fjell og Øygarden. I etterkant av felles kommunestyremøte, vert det separate kommunestyremøte for dei tre kommunane.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland

Utsleppet må reduserast kraftig

Forskingstopp Nils Røkke i SINTEF var tydeleg på det ansvaret vi har for å redusera klimautsleppet då vel 120 seminardeltakarar var samla på Panorama Hotell & Resort i Sund i går. Det var førebuande fellesnemnd for ny kommune i region vest som inviterte til framtidsseminar.

Direktør bærekraft Nils Røkke i SINTEF

– Vi må ta tak i utfordringa med klimautslepp på alvor. Kravet er at vi skal ned på eit trettitals millionar tonn utslepp innan 2030. I 2015 var utsleppet 54 millionar tonn, sa Røkke.

Nils Røkke skal no leia ein stor europeisk energiforskingsallianse (ERA). ERA ser samansett av 175 forskingsinstitutt- og aktørar i Europa, og målet er å betra koordineringa av energiforskinga i Europa.

– Det er transport, industri og petroleumsaktivitet som er dei største kjeldene til utslepp, sa Røkke som samstundes understreka at olje- og gass skal vi også utvinna i framtida. Då han summerte opp foredraget sa han mellom anna at vi bør bruka våre fortrinn, frå kapasitet til å lagra CO2, til offshoreindustrien (havvind) til vasskraft og miljøvennlege materiale.

Store ressursar i havrommet

Tidlegare konsernsjef i SINTEF, no seniorrådgjevar, Unni Merete Steinsmo, viste til at vi forvaltar eit havrom som er seks gonger større enn landarealet til landet vårt. Ho understreka at politikarane har ei viktig rolle i å styra utviklinga. Ho lista opp fem viktige framtidige inntektskjelder frå havrommet; biobasert industri, oljebasert industri, marin transport, offshore vind og marin turisme.

Seniorrådgjevar Unni Merete Steinsmo i SINTEF snakka om havromsnæringa og mogeleg utvikling i regionen vår.

Fylkesmann Lars Sponheim var også på plass på framtidsseminaret på måndag. Han snakka om kommunereforma og dei framtidige utfordringane for kommunane. Han meiner at med nye Øygarden kommune»,  kommunar i Nordhordland, Os/Fusa og Askøy vert Bergen omringa av fire store kommunar. Han såg ikkje bort frå at dei allereie vedtekne samanslåingane kan verta endra (utvida) om ikkje så altfor lenge.

– Men med nye Øygarden skal de få skapa ein ny kommune som er permanent. Utfordringa for alle kommunane framover vert å setja seg i stand til å løysa dei store velferdsoppgåvene som følgje av at det vert fleire eldre. Dei som har valt å vera liten, kan få problem med å løysa desse utfordringane, sa Sponheim.

Førarlause køyretøy

Seniorrådgjevar i SINTEF, Terje Moen, snakka mellom anna om automatisering av vegtransporten. Positive konsekvensar av dette kan vera færre drepne og skadde i trafikken, meir effektiv trafikkavvikling, betre mobilitet og gevinstar for miljø og klima. Utfordringane er mellom anna tryggleik og personvern, lovgjeving, konkurranseendring og å sikra gode sensorsystem. Han viste også døme på korleis tungtransporten kan elektrisiferast. Det er venta at godstransporten vil auka med 65 prosent fram mot 2050.

Seniorrådgjevar i tranportforsking Terje Moen, SINTEF snakka om transportløysingar for framtida.

Claus Kjeldsen i Instituttet for Fremtidsforskning i København (IFF) presenterte megatrendar og ulike scenario. Megatrendane påvirkar samfunnet over tid. Han delte haldningane til dette inn i tre grupper; fortidsorientert («De góe gamle dage»), nåtidsorientert («Seeing is believing») og framtidsorientert («Bring the change»).

– Det handlar om korleis vi skal få desse til å arbeida saman. Vi har ein  tendens til å overvurdera konsekvensane av megatrendane på kort sikt og undervudera dei på lang sikt, sa Kjeldsen.

Forskingssjef Tore Nilssen i SINTEF sitt tema var «Den norske modellen i eit framtidsperspektiv». Han var oppteken av at det måtte sikrast tillit mellom folk, partar og aktørar. Dagleg leiar i SenseNet, Ole Berrefjord snakka om framtidig samfunns- og næringsutvikling.

– Strategisk suksess føreset scenarisk tenking og handlekraft. Ofte manglar det strategisk handlekraft, sa Berrefjord,

Det var dei tre ordførarane Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) som ønskte velkomen til seminaret. Dei deltok også saman med Tore Nilssen og Claus Kjeldsen på panelsamtalen på slutten av seminaret. Panelsamtalen vart leia av Vestnytt-redaktør Marit Kalgraf.

Dei tre kommunane har slått fast i intensjonsavtalen at den nye kommunen skal vera ein MOT-kommune og arbeida for dei verdiane MOT representerer. På samlinga imponerte ti MOT-ungdomar frå dei tre kommunane med song- og musikkinnslag.

Fotogalleri

Her er presentasjonar frå seminaret

Ole Berrefjord: Framtidig samfunns- og næringsutvikling
Terje Moen: Transportløysingar for framtida, regionalt og lokalt
Nils Røkke: Energi og klima i eit bærekraftig framtidsperspektiv
Unni Merete Steinsmo: Havromsnæringa og mogleg utvikling i regionen vår
Tore Nilssen: Den norske modellen i eit framtidsperspektiv
Claus Kjeldsen: Megatrender og ulike scenario

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

Ser fram i tida

Det handlar om framtida når førebuande fellesnemnd gjennomfører framtidsseminar på Panorama Hotell & Resort i Sund den 15. mai.

Panorama Hotell & Resort

Det skal handla om framtidig samfunns- og næringsutvikling, transportløysingar for framtida, havromsnæringa og energi og klima. Frå Instituttet for Fremtidsforskning i København kjem Claus Kjeldsen som skal snakka om «Megatrender og ulike scenario».

Dagen vert avslutta med oppsummering og  panelsamtale.

Les programmet her, )PDF)

Søkjer etter prosjektleiar for ny kommune

Dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden, søkjer etter prosjektleiar som skal følgja opp kommunereforma. Prosjektleiaren skal ha det administrative hovudansvaret for å gjennomføra samanslåinga av dei tre kommunane.

Her kan du lesa heile utlysingsteksten.

Tilsetjingsutvalet, samansett av dei tre ordførarane og tre representantar for organisasjonane til dei tilsette, skal etter planen i midten av juni gje innstilling til kven som bør tilsetjast. Då kan førebuande fellesnemnd gjera vedtak om tilsetjing av prosjektleiar den 16. juni.

Prosjektleiaren får ansvar for å utarbeida ein konkret gjennomføringsplan for skipinga av den nye organisasjonen og konkretisera den politiske og administrative organiseringa. Ho eller han skal etablera og leia ei intern prosjektgruppe, som skal støtta gjennomføringa av prosessen.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Colourbox